Bernt Støylen, fødd i Sande i Møre og Romsdal, norsk teolog og biskop. Han vart cand.theol. i 1885, og var hjelpeprest i Bergen frå 1887, sjømannsprest i Cardiff frå 1890. I 1895 vende han heim og vart styrar av Notodden seminar før han i 1902 vart hovudlærar ved Det praktisk-teologiske seminar, frå 1909 med tittelen professor. Han var biskop i Agder frå 1914 til 1930.

Støylen var medlem av kyrkjekommisjonen av 1908 der han gjekk inn for ei fri folkekyrkje. Støylen arbeidde for fråhaldssaka, målsaka og misjonen. Han skrev preikesamlingar, pedagogiske verk (nynorsk ABC, Lesebok for folkeskulen (landsmålsutgåva av Nordahl Rolfsens lesebok for folkeskolen) i 4 bd. 1908–11, Norske barnerim og leikar 1899) og salmedikt (Salmar og aandelege songar 1920). Saman med Peter Hognestad og Anders Hovden gav han ut Nynorsk salmebok, som vart godkjend ved kongeleg resolusjon i 1925.

Støylen opplevde som biskop å bli boikotta av Indremisjonsselskapet etter at han vigsla den liberale Jens Gleditsch til biskop i Nidaros i 1923. Kyrkjedepartementet grunngav utnemninga av Gleditsch med at det måtte vere plass i kyrkja for den retninga han stod for. Sjølv var Støylen konservativ og fann boikotten til Indremisjonsselskapet urimeleg.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.