Volda lærarskule ca 1950
Av /Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal.

Volda lærarhøgskule var ein lærarhøgskule i Volda, etablert i 1895 under namnet Voldens Privatseminarium. Grunnleggararane var Aage Stabell og Henrik Kaarstad.

Staten tok over lærarskulen i 1924, og namnet vart då endra til Volda lærarskule. Pedagogen Erling Kristvik var rektor ved lærarskulen i åra 1930-1946. I 1980 vart namnet endra til Volda lærarhøgskule.

I 1994 vart Volda lærarhøgskule slått saman med Møre og Romsdal distriktshøgskule til Høgskulen i Volda.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg