Faktaboks

Administrasjonssenter
Ørsta
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggjartal
10 833 (2022)
Landareal
650 km²
Høgaste fjell
Kvitegga (1700 moh.)
Innbyggjarnamn
ørsting
Målform
nynorsk

Kommunevåpen

Kart: Ørsta kommune i Møre og Romsdal
Ørsta kommune i Møre og Romsdal fylke.
Kart: Ørsta kommune i Møre og Romsdal
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Ørsta

Ørsta sentrum sett frå Nivane med Sunnmørsalpane i bakgrunnen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Ørsta er ein kommuneSunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunen ligg mellom Vartdalsfjorden/Storfjorden i nordvest og Norangsdalen på grensa til Stranda (Hellesylt) i søraust.

Ørsta vart skilt ut frå Volda og oppretta som eigen kommune i 1883. Eit mindre område med 13 personar vart også overført frå Volda i 1892. Dei tidlegare kommunane Vartdal og Hjørundfjord vart innlemma i Ørsta i 1964.

Ørsta fekk dei noverande grensene sine i 2020, då Bjørke og Viddal krins lengst sør i kommunen vart overførte til Volda samstundes med at Volda vart slått saman med Hornindal. Bjørke og Viddal utgjorde 18 prosent av arealet i Ørsta, men hadde berre 104 innbyggjarar, noko som tilsvara éin prosent av folketalet i Ørsta.

Ørsta grensar til Sykkylven i nordaust, Stranda i søraust og Volda i sør og sørvest. Kommunegrensa i aust følgjer tinderekkja på vasskiljet på austsida av Hjørundfjorden, og i vest følgjer grensa tinderekkja på same måte ved vasskiljet. I nordvest har Ørsta grense til Hareid, Ulstein og Sula i Vartdalsfjorden/Storfjorden.

Natur

Berggrunnen i Ørsta er av grunnfjellsalder, men er sterkt påverka av den kaledonske fjellkjedefaldinga (kaledonske orogenese). Dagens landskap er ikkje minst eit resultat av kraftig erosjon i istida, noko som har skapt eit alpint landskap med ei rekkje ville toppar, dei såkalla Sunnmørsalpane. Berggrunnen består av ulike gneistypar med avgrensa førekomstar av djup-eruptiv som olivinstein, serpentinitt og eklogitt, mellom anna langs Hjørundfjorden/Norangsfjorden og i og rundt Ørsta tettstad. Høgast er fjella i søraust der Smørskredtindane aust for Norangsdalen og nær grensa til Stranda når 1631 meter over havet.

Dei ville fjellområda fell for det meste bratt i fjorden, ofte med djupe tverrgåande dalar. Enkelte stader dannar dalane naturlege passasjar mellom fjordane, som i Follestaddalen–Standal mellom botnen av Ørstafjorden og Hjørundfjorden, Folkestaddalen–Bondalen mellom Ørstafjorden og Sæbø ved Hjørundfjorden, begge med ei passhøgd på rundt 260 meter. Frå Norangsfjorden på austsida av Hjørundfjorden går Norangsdalen over til Hellesylt ved Sunnylvsfjorden i Stranda kommune. I dei steile dalsidene har det ofte gått snøras, mange med katastrofale følgjer.

Busetjing

Befolkninga er sterkt konsentrert til tettstaden og kommunesenteret Ørsta, inst i Ørstafjorden (7390 innbyggjarar 2019). Elles er det relativt tett busetjing rundt Ørstafjorden og i Follestaddalen og Bondalen. Ved Vartdalsfjorden ligg tre større grender ved utløpet av kvar sin korte dal: Barstadvik, Nordre Vartdal og Sætre (Søre Vartdal). Busetjinga langs Hjørundfjorden er svært spreidd, tettast er ho i Sæbø og Bondalen innanfor. Innbyggjartalet i Ørsta i 2015 fordelte seg med 82 prosent på tidlegare Ørsta kommune, 10 prosent på tidlegare Vartdal og 8 prosent på tidlegare Hjørundfjord.

Av innbyggjarane i kommunen bur 72 prosent i tettstader, mot 73 prosent i fylket samla sett (2019).

Ørsta hadde jamn vekst i folketalet frå slutten av krigen og fram til rundt 1980; det låg til dømes 1/3 høgare i 1980 enn i 1946 (med dagens grenser). Frå siste halvdel av 1980-talet vart veksten avløyst av ein tjueårsperiode med stabilt/svakt minkande folketal, men sidan har det igjen vist vekst. I tiårsperioden 2009–2019 hadde Ørsta ein vekst i folketalet på gjennomsnittleg 0,6 prosent årleg mot 1,0 prosent for Sunnmøre og 0,7 prosent for fylket samla sett.

Kart over Ørsta kommune
Kart over Ørsta kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

I alt fem prosent av arbeidsplassane i Ørsta var i 2014 i primærnæringane.

Ørsta er den største jordbrukskommunen på Sunnmøre etter jordbruksareal i drift, men bruka er som elles på Sunnmøre relativt små. Nesten heile jordbruksarealet er eng til slått og beite. Det vert drive eit variert husdyrbruk. Ørsta har størst storfehald på Sunnmøre, og har også eit stort sauehald. Det er også eit visst geite-, svine- og hønsehald i kommunen. Elles har Ørsta størst skogavverking blant kommunane i Møre og Romsdal. I 2013 vart det avverka 30 700 kubikkmeter, noko som svarar til 16 prosent av avverkinga i fylket.

Vartdal har ein stor havfiskeflåte, og den heimehøyrande fiskeflåten i Ørsta førte i land fisk og skaldyr til ein samla fyrstehandsverdi på 142,3 millionar kroner i 2013. Berre Ålesund, Giske og Haram hadde ein heimehøyrande flåte som førte i land meir fisk dette året.

Ørsta er ein stor industrikommune. I 2014 stod industrien for 13 prosent av arbeidsplassane i kommunen, 29 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning. Industrien er variert, men viktigast er verkstadindustrien (48 prosent av sysselsetjinga i industrien i 2013), særleg metallvareindustri (42 prosent). Dei viktigaste industribransjane elles er (prosentdel av industrien i 2013 i parentes): møbelindustri (16), næringsmiddelindustri, mellom anna Tine meieri (14), og gummi-, plast- og mineralsk industri (13). Industrien er sterkt konsentrert til administrasjonssenteret, men også Vartdal har ein del industri.

Ørsta er relativ beskjeden som kraftkommune med ein samla gjennomsnittleg årsproduksjon på 145 gigawattimar (GWh) fordelt på 13 kraftverk (2019). Det største enkeltverket er Bjørdal med 27,8 GWh, høgaste fallhøgd har Trandal med 442 meter (i drift frå 2005).

Ørsta har stor turisttrafikk, særleg i fjellområda, som har stor trafikk både sommar og vinter. Ørsta Skisenter ligg på Bondalseidet.

Av dei busette yrkesaktive i Ørsta hadde 30 prosent arbeid utanfor kommunen 2014. 19 prosent arbeidde i Volda og 4 prosent i Ulstein og 4 prosent i Ålesund.

Samferdsel

Frå Ørsta går E39 (ytre stamveg på Vestlandet) gjennom kommunesenteret og langs Vartdalsfjorden med ferje over fjorden til Sula/Ålesund (Festøya–Solavågen). Sørover går E39 via Volda til Grodås i Hornindal (Kvivsvegen). Frå Ørsta går riksveg 655 gjennom Bondalen og med ferje over Hjørundfjorden (Sæbø–Lekneset) og vidare gjennom Norangsdalen til Hellesylt i Stranda. Det er fylkesveg og kommunal veg frå Ørsta gjennom Follestaddalen/Standal til Festøya ved munningen av Hjørundfjorden i nord.

Nær grensa til Volda ligg Ørsta-Volda lufthamn, Hovden.

Avisa Møre-Nytt kjem ut i Ørsta tre gonger i veka.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

I Ørsta ligg Møre folkehøgskule og Ørsta vidaregåande skule.

Ørsta høyrer til Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Sunnmøre regionråd.

Ørsta kommune svarar til dei fire sokna Hjørundfjord, Storfjorden, Vartdal og Ørsta i Søre Sunnmøre prosti (Møre bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Ørsta til Søndmør fogderi i Romsdals amt.

Delområde og grunnkrinsar i Ørsta

For statistiske føremål er Ørsta kommune (per 2016) delt inn i fem delområde med til saman 36 grunnkrinsar:

  • Hovdebygda: Ytre Hovden, Hovden 1, Hovden 2 – Flyplassen, Ose, Melsbygda
  • Ørsta: Liadal, Lystad, Mork – Vinjevoll, Nedre Mork – Vik, Vik, Valla – Marka, Bakkane, Velle, Grepalia, Vallabøen 1, Vallabøen 2, Mo – Nupen
  • Dalane: Åmås, Nedre Follestaddal, Øvre Follestaddal, Brautaset, Hovdenakk – Vatne, Bjørdal
  • Hjørundfjord: Rekkedal, Stokke, Sæbø, Øye – Stennes, Urke, Trandal, Standal, Ytre Standal – Brattheim
  • Vartdal: Barstadvik, Nordre Vartdal, Årsetdalen, Sætre, Søre Vartdal

Historikk og kultur

I Ørsta står Dyre Vaas monument over Ivar Aasen og Anne Grimdalens monument over Anders Hovden. Både Aasen og Hovden er fødde i Ørsta. Ivar Aasen-museet (frå 1898) i Hovdebygda, som inngår i Aasentunet, er eit dokumentasjonssenter for nynorsk skriftkultur. Aasentunet er teikna av arkitekt Sverre Fehn og vart opna i 2000.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1984) har tre sølvfarga spissruter mot ein blå bakgrunn. Dette illuderer fjell som speglar seg i fjorden.

Namnet kjem av norrønt Ørstr, opphavleg fjordnamn, men har usikker tolking. Det kan bety «den bølgjande, krappe» og såleis vise til vind- og straumforholda i fjorden.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Dale, Bjørn Jonson: Ørstingar : ættebok for Ørsta, 1995-99, 2 b., isbn 82-91790-02-7
  • Grøvik, Ivar: Ørsta gjennom 100 år : 1883-1983, 1983
  • Tvinnereim, Jon: Fjordbygder i forandring : Volda og Ørsta sparebank, Sparebanken Volda Ørsta : 1853-2003, 2003, isbn 82-303-0069-0

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg