Artikkelstart
Møre-Nytt er ei dagsavis i Ørsta i Møre og Romsdal, grunnlagd i 1935. Avisa er lokalavis for Ørsta- og Volda-regionen, og er sidan 2010 eigd av Polaris Media ASA.
Møre-Nytt er ei dagsavis i Ørsta i Møre og Romsdal, grunnlagd i 1935. Avisa er lokalavis for Ørsta- og Volda-regionen, og er sidan 2010 eigd av Polaris Media ASA.
Møre-Nytt i Ørsta vart etablert av far og son Øivind og Alf Bergmann, og det første nummeret kom 14. januar 1935. Alf Bergmann var den første redaktøren. Den nye avisa kom ut kvar fredag, og dei første nummera med fire sider, og kosta éi krone i kvartalet. Avisa vende seg til «gode bygdefolk» og skulle vere eit upolitisk blad for bygdene på Sunnmøre. Avisa er framleis upolitisk og dekte for det meste lokale saker.
Dei første åra kom Møre-Nytt ut i konkurranse med Ørsta Avis. I 1941 vart Ørsta Avis lagt ned for godt, medan Møre-Nytt heldt fram og kom også under andre verdskrigen, med nokre korte avbrot. I 1946 kom Møre-Nytt i eige hus med gode vilkår for avisa og eige trykkeri. Utgivarfrekvensen vart utvida til først to, så tre gonger i veka. I 1980 kunne avisa flytte inn i eit heilt nytt avisbygg, med mykje betre plass enn tidlegare. Samtidig gjekk trykkinga over til offset og åtte sider i fullformat. Sidan har sidetalet vorte utvida.
Kjerneområdet for avisa er Ørsta og dels Volda på Søre Sunnmøre. Møre-Nytt har dermed overlappande kjerneområde med avisa Møre, som har fokus på Volda. Møre-Nytt har alltid vore ei nynorsk avis og utan politisk binding. Møre-Nytt var seint ute med nettavis, som kom fyrst i 2011. Vinteren 2014 kom Møre-Nytt også med e-avis.
Møre-Nytt var heilt frå starten eigd av familien Bergmann, men i 1977 vart eigarskapen omgjord til aksjeselskap. Då dei store regionavisene i 2006 gjekk over til tabloidformat, var Møre-Nytt ei tid den einaste norske avisa med fullformat. Frå 24. november 2007 kom også Møre-Nytt i tabloidformat. Etter eit oppkjøp i 2007 overtok Sunnmørsposten 65 prosent av aksjane og fekk avisa trykt i Polaris Trykk Ålesund AS. Avisa kom dermed inn i Edda-konsernet, som i 2009 selde avisene på Nordvestlandet til Polaris Media. Resten av aksjane eigde Erik Bergmann, son til Alf Bergmann.
År | Opplag |
---|---|
1950 | 2000 |
1972 | 2253 |
1980 | 4005 |
1990 | 5016 |
1998 | 5284 |
2008 | 5526 |
2015 | 3242 |
2019 (2. halvdel) | 4904 |
2020 (2. halvdel) | 4931 |
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.