Faktaboks

Etymologi
av norrønt Harhamarr; første ledd er kanskje har ‘bratt vegg’, siste ledd hamarr ‘berghamar’
Administrasjonssenter
Brattvåg
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggjartal
9 357 (2024)
Landareal
254 km²
Høgaste fjell
Blåskjerdingen (1069 moh.)

Kommunevåpen

Haramsøya
Frå Haramsøya. Det meste av busetjinga er lokalisert til strandflata.
Av .
Lisens: CC BY NC SA 2.0
Kart: Haram kommune i Møre og Romsdal
Haram kommune i Møre og Romsdal fylke.
Kart: Haram kommune i Møre og Romsdal
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Vatne
Tettstaden Vatne ligg på fastlandet, ved botnen av Vatnefjorden, ein sidefjord til Storfjorden.
Av /Nye Ålesund kommune.
Lisens: CC BY NC 2.0

Haram er ein kommune i Møre og Romsdal fylke, på Sunnmøre. Kommunen består av ein fastlandsdel som omfattar halvøya mellom Grytafjorden og Midfjorden, og fire av Nordøyane:

Haram er ein av fylkets viktigaste industrikommunar, og heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien.

Kommunegrenser

Haram vart oppretta i 1837 ved innføringa av det lokale sjølvstyret. Kommunen vart delt i 1890 då Vigra vart skilt ut som eigen kommune. Dei siste grensene sine fekk Haram i 1965, da fastlandsdelen av Vatne og Borgunds område på nordsida av Grytafjorden (Grytastranda, Søvik og Gamlem) vart innlemma i kommunen.

Haram vart saman med Sandøy, Skodje og Ørskog slått saman med Ålesund kommune i 2020. Samanslåinga var del av ein landsomfattande kommunereform.

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 vart Haram gjenoppretta som eigen kommune frå 1. januar 2024 med dei grensene som var før samanslåinga.

Natur

Haram

Haram. Utsikt frå Haramsøya. Midt i biletet vegsambandet frå Ulla over til Flem på Skuløya.

Av /NTB Scanpix ※.

Berggrunnen er gneis som tilhøyrer Kaledonidane. Det er førekomstar av eklogitt på Skuløya og Fjørtofta.

Halvøya mellom Grytafjorden og Midfjorden er berglendt og har toppar opptil 1069 meter over havet (Blåskjerdingen) på grensa til Vestnes i aust. Halvøya blir nesten skore tvers over av Samfjorden og Vatnefjorden; låge eid fortsett frå fjordbotnane sørover mot Grytafjorden.

Farvatnet rundt Nordøyane er temmeleg ureint, og har fleire større kystfyr (mellom anna Hellevik, Ulla og Fjørtoftneset). Øya Fjørtofta er flat og myrlendt, dei andre øyene er berglendte med toppar opptil 492 meter over havet (Skulen på Skuløya).

Ullasundet fuglefredningsområde ligg mellom Haramsøya og Skuløya. Rogneholmen fuglefredningsområde ligg sør for Skuløya. Løvsøyrevet fuglefredningsområde ligg sør for Lepsøya.

Befolkning og busetnad

Folketalet i Haram er i svak vekst. I tiårsbolken 2015-2024 auka folketalet med 2,6 prosent, mot 3,6 prosent i heile fylket.

Busetjinga følgjer låglandet langs kysten, på fastlandet særleg i området vest for Samfjorden og rundt botnane av Vatnefjorden og Grytafjorden, på øyane særleg på strandflatene på aust- og sørsidene, der terrenget gir ly. I 2015 budde 17 prosent av befolkninga på øyene og 83 prosent i fastlandsdelen av kommunen.

Haram har fire tettstader; Brattvåg ved Samfjorden, Vatne inst i Vatnefjorden, Søvik på kysten i vest og Austnes ute på Haramsøya.

Næringsliv

Søviknes Verft
Verkstad- og verftsindustrien, her representert ved Vard Søviknes, er internasjonalt orientert.
Av /Nye Ålesund kommune.
Lisens: CC BY NC 2.0

Primærnæringane omfatta (2014) fire prosent av arbeidsplassane i Haram; det er det same som i fylket samla sett. Jordbruket blir dominert av husdyrhald, særleg mjølkeproduksjon; av sunnmørskommunane hadde berre Ørsta og Vanylven eit høgare storfetal. Elles er det mye sau, og ikkje minst hønsehald.

Haram er ein av dei viktigaste fiskerikommunane i fylket; berre fiskarflåten heimehøyrande i Herøy og Giske hadde i 2013 ein fangst med større verdi. Berre mindre delar av fangsten blir ilandført i Haram.

Haram er framfor alt ein av dei viktigaste industrikommunane i fylket. Viktigast er verkstadsindustrien; denne har eit særleg tydeleg maritimt innslag med bygging av skip og boreplattformer. Elles er det fleire bedrifter innan næringsmiddel- og tekstilindustri.

Vekeavisa Haramsnytt har kontor i Brattvåg.

Samferdsel

I august 2022 vart nordøyvegen åpna og dei fem nordøyane fekk fastlandssamband via bru og tunnelar. Dei tidlegare ferjesambanda mellom øyane og fastlandet vart då lagt ned.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Haram kommune tilsvarar dei fem sokna Brattvåg, Fjørtoft, Hamnsund, Haram og Vatne.

Grunnkretsar i Haram

For statistiske formål er Haram kommune inndelt i 25 grunnkretsar:

  • Fjørtoft/Haram: Fjørtoft, Otterlei, Rogne, Longva, Flem, Ulla, Austnes, Haram, Kjerstad, Farstad
  • Haram: Hurla, Alvestad, Brattvåg, Aksla/Håvik
  • Vatne: Samfjord, Strand, Slyngstad, Tennfjord, Vatne, Ulvestad/Vatne, Hellestranda, Vestrefjord
  • Hamnsund: Bjørnøy/Kalvøy, Søvik/Gamlem, Grytastrand/Hamsund

Historikk og kultur

I Hamnsundhelleren på neset ved Grytafjorden er det gjort funn av mellom anna reiskap frå yngre steinalder, bronsealder og jernalder.

Det finst eit fiskerimuseum i Fjørtoft, eit kystmuseum på Longva på Skuløya og ei fornminnesamling på Otterlei på Fjørtofta.

Eilert Sundt besøkte fiskarbøndene i Haram i 1856, og skildra kystsamfunnet i Harham: et eksempel fra fiskeridistriktene (1859).

På Bjørnøya, rett utanfor fastlandsdelen av Haram, låg eit større kystbatteri frå andre verdskrig; dette er tilrettelagt for turistar. Det går bru ut til øya.

Haram kyrkje på Haramsøy er ei åttekanta trekyrkje, bygd i 1838. Altertavla er frå 1660, og kyrkjeinteriøret vart utsmykka av Lars Osane i 1911. Vatne kyrkje er ei langkyrkje i tre, bygd i 1868.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet vart godkjent i 1987 og har ei deling av sølv og blått med omvendt bogesnitt med tre bogar. Det symboliserer sjøen som arbeidsplass og som bindeledd mellom kommunens ulike delar.

Kart

Kart over Haram kommune
Kart over Haram kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Dyrkorn, Harald: Nordøyane – frå istid til vikingtid, 1998, isbn 82-993509-0-5
  • Haram og Vigra kommune 1837-1937, 1937
  • Hove, Peter: Haram kyrkjesoge. Haram skulesoge, 1975
  • Rogne, M.: Haram bygdebok, 1947-, 1 b. i 2
  • Rørhus, Rolv: Brattvåg 90 år, 2001, isbn 82-92055-09-6
  • Slyngstad, Harald: Vatne bygdebok : Gards- og ættesoge, 1983, 2 b.
  • Selnes, Randi m.fl: Bygdebok for Haram 4 b.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg