Molde domkirke sett fra rådhustaket
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Møre bispedømme blei oppretta i 1983, då det blei skilt ut frå Nidaros bispedømme og Bjørgvin bispedømme. Møre bispedømme omfattar Møre og Romsdal fylke.

Bispedømmet er delt i seks prosti, 25 kyrkjelege fellesråd og 95 sokn/kyrkjelydar. Flateinnhaldet er 15 121 km2 og talet på kyrkjemedlemmar (2021) er 202 644, som tilsvarar 76 prosent av befolkninga. Bispesetet er Molde. Den første biskopen var Ole Nordhaug (1983-1991), etterfølgd av Odd Bondevik (1991–2008). Biskop frå 2008 er Ingeborg Synøve Midttømme.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg