Storhjelm
utbredelse av storhjelm
Naturlig utbredelse av storhjelm (Aconitum napellus). Basert på data fra Den internasjonale naturvernunionen (IUCN Red List, versjon 3, 2017).
utbredelse av storhjelm

Storhjelm, Aconitum napellus, er ei fleirårig urt i hjelmslekta i soleiefamilien. Planta er ei opprett plante som vert mellom 0,8 og 1,2 meter høg og som blømer med mørkeblå blomar frå juni til september. Storhjelm stammar frå Alpene og Karpatene, og vert i Noreg dyrka som prydplante. Planta er svært giftig, og gifta har mellom anna vore nytta i pilspissar.

Faktaboks

Etymologi

aconītum via latin fra gammelgresk ἀκόνῑτον (akónīton), kan hende planten Aconītum anthora

nāpellus av latin nāpus + ‑ellus: lita nepe, lita kålrot

Også kjend som
Venusvogn
Vitskapeleg namn
Aconitum napellus
Beskriven av
Carl von Linné
Framandartstatus i Noreg
HI – Høy risiko

Skildring

Den mellom 0,8 og 1,2 meter høge stauda har handflika blad som er håra på oversida og dei mange blå til kvite blomane sit i ein toppstilt klase. Øvste delen av stilken og blomane er òg finhåra. Blomane er einsymmetriske, og dei fem begerblada dannar den karakteristiske hjelmen for hjelmslekta. To av kronblada er omdanna til honninggøymer med nektar som tiltrekk humler til pollinering av planta. Blomen har mange pollenberarar og vanlegvis tre fruktblad. Fruktene som vert danna er belgkapslar som inneheld mange frø. Frøa vert spreidd ballistisk når dyr og vind rører ved dei stive stenglane. I tillegg til seksuell reproduksjon formeirer planta seg vegetativt ved hjelp av jordstenglar.

Dyrking og bruk

Storhjelm er ei gamal hageplante i Noreg. Stauda vert dyrka over heile landet.

Gift frå storhjelm har vore nytta i pilspissar, og planta har lang tradisjon innan folkemedisinen.

Utbreiing

Storhjelm stammar frå Vest- og Sentral-Europa, der er ho er endemisk. Ho har seinare blitt introdusert til Nord-Europa og Nord-Amerika. Planta veks hovudsakleg i skoglandskap og på grassletter i låglandet, men har blitt funne opptil 2700 meter over havet.

Veksestad

Planta veks i djup, veldrenert og næringsrik jord og trivest i sol til halvskugge. Storhjelm er hardfør til H8.

Systematikk

Nivå Norsk namn Vitskapleg namn
Art Storhjelm Aconitum napellus
Slekt Hjelmslekta Aconitum
Familie Soleiefamilien Ranunculaceae
Orden Ranunculales
Klasse Tofrøblada planter Dicotyledoneae
Rekke Dekkfrøa planter Angiospermae
Rike Planteriket Plantae

Giftinformajson

Alle plantedelane og særskild rota av storhjelm er særs giftig. Planta inneheld alkaloidet akonitin som kan gje kvalme og oppkast, og i alvorlege tilfeller hjartepåverknadar, kramper og paralyse. Giftinformasjonen bør kontaktast om det er mistanke om at nokon har ete storhjelm.

Les meir i Store norske leksikon

Ekstern lenkje

Faktaboks

storhjelm
Aconitum napellus
Tidlegare vitskapleg namn
Aconitum anglicum Stapf, Aconitum pyramidale Mill.
Artsdatabanken-ID
103076
GBIF-ID
3033665

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg