Soleiefamilien er ein plantefamilie innan klassen tofrøblada planter. I Noreg finnes fleire artar viltvoksande, mellom anna blåveis, kvitveis, tyrihjelm og engsoleie.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Ranunculaceae

Globalt består familien av omlag 60 slekter og 2000 artar. Familien er spreidd over heile verda, men med ei særskild hovudvekt i tempererte og boreale soner av den nordlege halvkula.

Skildring

Dei fleste artane i soleiefamilien er urter og buskar med tokjønna frikrona blomar. Blomane kan ha udifferensiert blomedekke, eller differensiert blomedekke med kronblad og begerblad. Mange av artane, til dømes mogop og ballblom, har nektarproduserande strukturar.

Fruktene innan familien varierer frå belgkapslar (til dømes hjå akeleie, ridderspore, ballblom og bekkeblom) til smånøtter (til dømes hjå soleie, kvitveis og blåveis) og bær (til dømes hjå trollbær).

Bruk

Mange av artane i familien vert dyrka som prydplanter. Fleire av artane er svært giftige.

I Noreg

Det er omlag 18 slekter innan soleiefamilien i Noreg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

soleiefamilien
Ranunculaceae
Artsdatabanken-ID
103071
GBIF-ID
2410

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg