storhjelm

Storhjelm av . CC BY SA 3.0

Storhjelm, Aconitum napellus, er ei fleirårig urt i hjelmslekta i soleiefamilien. Planta er ei opprett plante som vert mellom 0,8­–1,2 meter høg og som blømer med mørkeblå blomar i juni til september. Storhjelm stammar frå Alpene og Karpatene, og vert i Noreg dyrka som prydplante. Planta er svært giftig, og gifta har mellom anna vore nytta på pilspissar.

Faktaboks

Også kjent som

Aconitum napellus

Venusvogn

Skildring

Den mellom 0,8–1,2 meter høge stauda har handflika blad som er håra på oversida og dei mange blå til kvite blomane sit i ein toppstilt klase. Øvste delen av stilken og blomane er òg finhåra. Blomane er einsymmetriske, og dei fem begerblada dannar den karakteristiske hjelmen for hjelmslekta. To av kronblada er omdanna til honninggøymer med nektar som tiltrekk humler til pollinering av planta. Blomen har mange pollenberarar og vanlegvis 3 fruktblad. Fruktene som vert danna er belgkapslar som inneheld mange frø. Frøa vert spreidd ved ballistisk når dyr og vind rører ved dei stive stenglane. I tillegg til seksuell reproduksjon formeirer planta seg vegetativt ved hjelp av jordstenglar.

Dyrking og bruk

Storhjelm er ei gamal hageplante i Noreg. Stauda vert dyrka over heile landet.

Gift frå storhjelm har vore nytta i pilspissar, og planta har lang tradisjon innan folkemedisin.

Utbreiing

Storhjelm stammar frå Vest- og Sentral-Europa, der er ho er endemisk. Ho har seinare blitt introdusert til Nord-Europa og Nord-Amerika. Planta veks hovudsakleg i skoglandskap og på grassletter låglandet, men har blitt funne opp til 2700 moh.

Veksestad

Planta veks i djup, veldrenert og næringsrik jord og trivest i sol til halvskugge. Storhjelm er hardfør til H8.

Systematikk

Nivå

Norsk namn

Vitskapleg namn

Art

Storhjelm

Aconitum napellus

Slekt

Hjelmslekta

Aconitum

Familie

Soleiefamilien

Ranunculaceae

Orden

Ranunculales

Klasse

Tofrøblada planter

Dicotyledoneae

Rekke

Dekkfrøa planter

Angiospermae

Rike

Planteriket

Plantae

Giftinformajson

Alle plantedelane og særskild rota av storhjelm er særs giftig. Planta inneheld alkaloidet akonitin som kan gje kvalme og oppkast, og i alvorlege tilfeller hjartepåverknadar, kramper og paralyse. Giftinformasjonen bør kontaktast om det er mistanke om at nokon har ete storhjelm.

Les meir i Store norske leksikon

 Ekstern lenkje

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg