Ulike skrog blir konstruert ut frå kva dei skal bli nytta til. Det vil seie at ein kvar konstruksjon er eit kompromiss mellom kostnadar, bruksområde, sjøeigenskapar og særskilde tekniske omsyn. Variasjonen av skrog vil derav strekka seg frå lekterar som er flate og firkanta, til smale og skarpe skrog for båtar med høg fart, eller avrunda skrog med dypstikkande kjøl for seglbåtar som treng stabilitet i vind. Fleire fartøy har også dobbeltskrog, som er typisk for ein del hurtigbåtar og servicefartøy langs norskekysten. Trippelskrog er også brukt på seglbåtar konstruert for høg fart.
Dei større frakteskipa med eit moderne stålskrog er konstruert med vasstette mellomdekk og skott. Det skil eit skrog inn i ulike seksjonar, som kan bli stengde av dersom det kjem inn vatn. Den øvrige konstruksjonen er sett saman av ein kjøl i botn av skroget, spant som reiser seg frå denne og fungerer som eit skjelett for skroget, berande bjelker på tvers og eventuell ekstra konstruksjon for å stiva av skroget. Tidlegare hadde skip kun eitt ytre skrog, men moderne skip har doble skrog ytterst.
Treskrog har ein del av dei same hovudprinsippa som moderne stålskrog har, men det ytre laget er treplankar, gjerne kalt hud. Desse er enten lagt inntil kvarandre, eller i eit overlappande mønster som blir kalla for kravell- eller klinkbygging. Tradisjonelt sett har dei også eit for- og akterspant som reiser seg frå kjølen på fartøyet. Andre fartøy med til dømes glasfibermateriale og liknande, er som regel støypt ferdig for vidare produksjon av fartøyet sin øvrige konstruksjon.
Historisk sett strekk tradisjonen rundt skrogbygging seg frå eksperimentelle metodar som til dømes Colin Archers polarskute Fram, eller Thor Heyerdahls balsaflåte, Skjold-klassens fiberplast, eller meir tradisjonelle metall- og treskrog. Det finst derfor ikkje éin konkret metode for å byggja eit skrog, men derimot ulike teknikkar ut frå eit kost-nytte-perspektiv.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.