Khoisanspråka er 14 afrikanske språk som den amerikanske språkforskaren Joseph Harold Greenberg postulerte som ein eigen familie i boka The languages of Africa (1963) (sjå Joseph H. Greenberg sin klassifikasjon av afrikanske språk):

Faktaboks

Uttale
khˈoisanspråk
  1. ju (juu, !kung, !xuun)
  2. ǂ'amkoe (ǂhoan)
  3. khoekhoe
  4. khoemana (korana, griqua)
  5. shua
  6. tsoa (tshwa)
  7. khwe (kxoe)
  8. naro
  9. ǂhaba
  10. gǁana
  11. !xóõ
  12. !kwi
  13. hadza
  14. sandawe

Språkfamilien khoisanspråk er kontroversiell, sidan det ikkje har vore mogeleg å påvise slektskap mellom alle desse 14 språka ved hjelp av tradisjonelle språkvitskaplege metodar.

Dei 14 såkalla khoisanspråka har primært det negative kriteriet til felles at dei ikkje høyrer til dei tre andre afrikanske språkfamiliane som Greenberg postulerte – kongo-kordofansk, nilo-saharisk og afroasiatisk. I tillegg har alle desse språka det strukturelle draget til felles at dei har velarisk ingressive språklydar, også kalla klikklydar (engelsk clicks), men slike lydar finst òg i andre språk i dette området.

Klassifisering

Ved hjelp av den komparative metoden kan dei såkalla khoisanspråka klassifiserast i tre familiar og to språkisolat (enkeltspråk utan påvist slektskap andre språk):

I. Ju-ǂhoan-språk (kx’a-språk). To språk som blir tala i Angola, Namibia og Botswana:

  1. ju (juu, !kung, !xuun)
  2. ǂ'amkoe (ǂhoan)
II. Khoe-språk. Åtte språk som blir tala i Namibia og Botswana:
  1. khoekhoe
  2. khoemana (korana, griqua)
  3. shua
  4. tsoa (tshwa)
  5. khwe (kxoe)
  6. naro
  7. ǂhaba
  8. gǁana
III. Tuu-språk. To språk som blir tala i Botswana og Sør-Afrika.
  1. !xóõ
  2. !kwi

IV. To isolat:

  1. hadza, som blir tala i Tanzania.
  2. sandawe, som blir tala i Tanzania.

Termen khoisan er sett saman av to element frå khoe-språket khoekhoe (nama, hottentottisk). Khoi kjem av khoe-, som er stamma i orda khoei 'menneske', khoes 'kvinne' og khoeb 'mann', og dessutan i Khoekhoen 'folk som snakkar khoekhoe'. San kjem av Sān 'buskmenn'.

Folk som snakkar språka i dei tre familiane ju-ǂhoan-språk, khoe-språk og tuu-språk, blir ofte delte i to grupper på grunnlag av levemåten. Folk som snakkar khoe-språk og tradisjonelt har levd av storfedrift, blei tidlegare kalla hottentottar, medan folk som snakkar eit språk i ein av dei tre familiane og tradisjonelt har vore jegerar og samlarar, blei kalla buskmenn, og i dag mest san. Ordet hottentott blir i dag rekna som nedsetjande. Dette gjeld ikkje i same grad buskmann, og problemet er at sān er ei nedsetjande khoekhoe-nemning på jeger- og samlarfolk. Strengt teke er både hottentott, buskmann og san overflødige nemningar. Det beste alternativet burde vere å omtale dei fjorten folkegruppene med deira eigne namn på seg sjølve.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (1)

skreiv Tor-Ivar Krogsæter

«Khoisanspråkene er karakterisert ved klikkelyder (som ofte gjengis med et utropstegn, som f.eks. i !Kung)» Dette er særs kortfatta, og faktisk ikkje heilt riktig slik det står no; slik teksten står no, forstår ein at klikkelydar flest blir attgjevne med utropsteiknet, ikkje at utropsteiknet blir brukt for å attgje ein bestemt klikk, nemleg eit alveolart apeksklikk. Som fagansvarleg heilt sikkert kan mykje betre enn meg, har me fem grunnklikk, og mangfaldige variasjonar over desse som er tydingsberande i større eller mindre grad i dei mange klikkspråka; xhosa åleine har 18 og taa heile 83 (fortel Wikipedia).

Eg ser fram til å lese ein langt meir utfyllande artikkel om de klikkbaserte språka når det blir mogleg.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg