Natalia er eit kvinnenamn som kjem av det latinske (dies) natalis som tyder ‘fødselsdag’, særleg brukt om Jesu fødselsdag (1. juledag). Det var opphavleg brukt på barn fødde 1. juledag.
Natalia
Kjende personar med namnet Natalia
Eksempel på ein person med namnet Natalia som er omtalt i Store norske leksikon:
- Natalia Ginzburg (1916–1991)
- Natália de Oliveira Correia (1923–1993)
Namnestatistikk
I 2022 var det 2 453 kvinner i Noreg som hadde Natalia som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 12 jenter som fekk namnet Natalia.
Utvikling i bruk av namnet
Geografisk variasjon på 1800-talet
Natalia var klart mest brukt i Vest-Agder. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Nathalia.)
Les meir i Store norske leksikon
- kvinnenamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.