Faktaboks

Wollert Konow
Wollert Konow S. B. (Søndre Bergenhus)
Uttale
konˈåv
Fødd
16. august 1845, Stend i Fana ved Bergen
Død
15. mars 1924, Fana, Bergen
Verke
Politikar
Familie

Foreldre: Brukseigar Wollert Konow (1809–1881) og Marie Louise Oehlenschläger (1818–1910).

Gift 10.5.1875 med Fredrikke Wilhelmine («Frigga») Kooter (25.12.1854–5.8.1935), dotter til bankbokhaldar Jacob Blaauw Kooter (1818–1887) og Marie Frederikke Balchen (1817–1883).

Soneson til Wollert Konow (1779–1839); bror til Harald Georg Christian Konow (1841–1883); fetter til Wollert Konow (H.) (1847–1932); tremenning til Knud Krogh-Tonning (1842–1911).

Wollert Konow (1845-1924)
Foto frå 1912.
Av /Oslo museum.
Lisens: CC BY SA 4.0
Wollert Konow

Wollert Konow S.B.

Av /KF-arkiv ※.

Wollert Konow var ein norsk brukseigar og politikar for Venstre. Han var statsminister frå 1910 til 1912. Han måtte gå av etter å ha talt varmt om målsaka i Bondeungdomslaget, fordi det provoserte motstandarane i Høgre.

Konows karriere på den rikspolitiske arenaen har to toppunkt, eit tidleg og eit seint: i andre halvdel av 1880-åra var han ein av leiarane i det «reine» Venstre; meir enn 20 år seinare vart han statsminister (1910–12) i ei konservativ-liberal regjering. Begge høgpunkta vart følgde av sårande nederlag. Imellom dei utfalda politikaren Konow seg mest på det lokale plan.

Bakgrunn

Wollert Konow var fødd på Stend i Fana ved Bergen i Søndre Bergenhus amt. Han vert omtalt som Wollert Konow (SB), der «SB» står for amtet Søndre Bergenhus. Slik kan han skiljast frå syskenbarnet Wollert Konow (H), som var politikar frå Hedmark.

På Stend hadde faren kjøpt gard og dreiv møllebruk. Heimen var prega av farens mangslungne politiske og kulturelle interesser og av moras danske, estetisk-litterære bakgrunn; ho var dotter til diktaren Adam Oehlenschläger. Miljøet i heimen sette varige merke i sonens åndskulturelle legning: hans noko aristokratiske liberalisme, mottakelege sinn for nordiske og europeiske åndsstraumar og dragninga mot filosofisk spekulasjon. Men den unge Konow var òg eit «barn av si tid» og engasjert i dei spørsmål den stilte.

Ved Bergen katedralskole kom Konow i kontakt med målsaka. Ikkje lenge etter vart han innskreven i det bergenske Vestmannalaget. Men som andre målvener med urbankulturell bakgrunn vart han aldri målbrukar; berre somme brev og artiklar skreiv han på landsmålet. Han stod heller ikkje fram som nokon stridsmann for målsaka, sjølv om interessa for målsaka følgde han heile livet.

Etter studenteksamen i 1864 drog Konow til Christiania og byrja å studere jus, men han fullførte aldri.

Folkehøgskule

Han vart grepen av folkeopplysningstanken, og i 1868 skipa han saman med Niels Juel ein folkehøgskuleHalsnøy i Sunnhordland og dreiv skulen i fire år i «Haugestova». Etter dei fire åra på Halsnøy heldt Konow i 1872–1873 folkehøgskule i den gamle tingstova på Mossige i TimeJæren. Nils Nilsson Skaar frå Hardanger var medlærar.

Politikar

I 1873 tok Konow over møllebruket på Stend. Dermed byrjar ein ny fase i livslaupet hans med omfattande engasjement både i lokalstyre og rikspolitikk. Han fekk gjort mykje for bygda, mellom anna som ordførar frå 1880 til 1901 med berre to avbrot. Samtidig tok han raske steg inn i den nasjonale politikken.

I 1877–1879 var han 1. vararepresentant til Stortinget frå Søndre Bergenhus og møtte på tinget siste året. Deretter følgde tre periodar, 1880–1888, som stortingsrepresentant. Han høyrde til den unge generasjonen av radikale tingmenn som flokka seg om Johan Sverdrups førarskap i regimekampen fram mot 1884. Konow rekna seg jamvel som republikanar. Han deltok i skipinga av partiet Venstre (Norges Venstreforening) i 1884 og sat i landsstyret fram til 1889, som varaformann siste året. Også på tinget steig han i gradene og var odelstingspresident i perioden 1884–1887 og stortingspresident i 1888.

Konflikt mellom Sverdrup og dei «reine» Venstre

Konow kom inn i politikken som ein beundrar av Johan Sverdrup, men hos han som hos eit fleirtal i stortingsvenstre tapte førarglansen seg snart etter at Sverdrup hadde overteke som statsminister. Konow kom meir og meir i opposisjon til statsministeren og vart ein av hans fremste kritikarar i saker som galdt åndsfridom og kultursyn. Særleg skarpt markerte han seg i striden om diktarløn til Alexander Kielland, der han med sin elitære liberalisme heva seg over «smaa, tilbagetrængte, svindende Meninger, tildels opblandede med Fordomme ude fra Yderkanterne i Landet».

Da brotet mellom Sverdrup og dei «reine» Venstre vart fullbyrda i 1888, stod Konow i første rekkje og fremja den interpellasjonen som innleidde det parlamentariske oppgjeret. Men partisplittinga førte til valtap for dei «reine», og Konow var blant taparane. Det sette ein brå stopp for den rikspolitiske karrieren hans og etterlet seg sår som seint grodde. Han vende seg bort frå den store politikken og konsentrerte seg om sine private forretningar og lokalstyret i heimbygda.

Fleire freista å trekkje Konow inn att på riksarenaen. Johannes Steen baud han ein statsrådspost i 1891, men fekk avslag. I 1895 tok Konow imot oppnemning som medlem av den norsk-svenske unionskomiteen, men først i 1897 let han seg på nytt velje til stortingsrepresentant. Han var odelstingspresident i 1899, men spela elles ei heller anonym rolle på tinget og søkte velferdspermisjon siste året i perioden.

Konow fann seg lite til rette i den venstrepolitikken som tok form kring hundreårsskiftet med vekt på sosiale reformer. Han gleid meir og meir over i ei kritisk, opposisjonell holdning mot sitt gamle parti og plasserte seg politisk i Christian Michelsens liberale samling både før og etter unionsoppløysinga i 1905. Da striden om konsesjonslovene kvesste seg til og Venstre klovna i 1908, stod han fram som frontfigur for det nyskipa Frisinna Venstre og vart vald til stortingsrepresentant i 1909.

Statsminister

Etter sterk medverknad frå hans nære ven Christian Michelsen vart Konow statsminister i den regjeringa som den sigrande koalisjonen av Høgre og Frisinna Venstre skipa i 1910.

Å halde saman eit knapt stortingsfleirtal med sterke indre motsetningar og samtidig tilfredsstille Høgres forventningar om ei høgrevending i politikken, var meir enn Konow makta. Innan Høgre bygde det seg etter kvart opp eit misnøye med statsministeren, som i februar 1912 førte til regjeringskrise. Den utløysande faktoren var ein tale Konow heldt i Bondeungdomslaget i Kristiania 28. januar 1912, der han i varme ordelag vedkjende seg sin ungdoms kjærleik til målsaka. For Høgre vart talen oppfatta som ein provokasjon. Motstandarar i Høgre hadde venta på eit høve til å kaste regjeringssjefen. Høgre trekte seg ut av regjeringa, og etter ein mislykka freistnad på å rekonstruere ministeriet sitt gav Konow opp. Han stilte på nytt til val 1912, men tapte for ein venstremann. Dermed var Konow ute av norsk politikk. Han levde resten av livet sitt på Stend og døydde der i 1924.

Verv og utmerkingar

Konow var vararepresentant til Nobelkomiteen frå 1913 til 1922. Frå 21. august 1922 og til han døydde i 1924, var han medlem. I 1910 fekk han tildelt storkrossen av St. Olavs Orden. Ved «Konow-skiftet» på Stend er det reist ein minnestein over han. Det finst òg ei byste, utførd av Ambrosia Tønnesen, ved det gamle kommunehuset, Nesttun, Bergen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Birkeland, Rune: Wollert Konow (SB). Røter, miljø, ungdomsår. Bergen 1945
  • Bruenech, G. W.: Konow. Personalhistorie og Genealogi 1260–1936, 1937
  • Garvik, Olav: Wollert Konow. Statsminister og stril. Bergen 2001
  • Lindstøl, Ole Torjesen: Stortinget og statsraadet 1814–1914, 1915
  • Mjeldheim, Leiv: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2), bind 5. Oslo 2002
  • Mjeldheim, Leiv: Ministeriet Konow 1910–1912, 1955
  • Nerbøvik, Jostein: «Konows fall. Måltale og regjeringskrise», Syn og Segn nr. 8/1972
  • Thommesen, R.: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 7, 1936
  • Torjusson, Aslak: Den norske folkehøgskulen. Oslo 1977

Faktaboks

Wollert Konow
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036693001729

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg