Nils Nilsson Skaar

Faktaboks

Nils Nilsson Skaar
Født
28. mars 1852, Kvam, Vestland
Død
12. juni 1948, Kvam, Vestland

Artikkelstart

Nils Nilsson Skaar var avisredaktør og lokal- og rikspolitikar frå Hardanger. Han dreiv avisa Hordaland Folkeblad gjennom meir enn ein menneskealder og sat som stortingsrepresentant mest like lenge.

Skaar vart fødd i Fyksesundet i Kvam i Vestland. Han var son til Nils Nilsen Skaar, som var engasjert i politisk arbeid gjennom mange tiår. I likskap med faren vart også Skaar politikar og ein synleg og engasjert innbyggjar i lokalmiljøet.

Skaar fekk utdanning ved Voss lærarskule 1866–1868, Stord seminar 1869–1870 og Christoffer Bruun sin folkehøgskule i Gausdal 1872. Han verka som lærar ved ulike folkehøgskular 1872–1885. I 1878 overtok han som redaktør og sidan som eigar av avisa Hardangeren, som han døypte om til Søndre Bergenhus Folkeblad og seinare Hordaland Folkeblad. Frå 1882 budde han i Norheimsund, der avisa kom ut. Skaar skreiv ikkje berre om lokale saker. Han kommenterte stadig rikspolitikken og vart lesen i vide krinsar, også i hovudstaden.

Stortinget sat Skaar som representant frå Hordaland (Søndre Bergenhus) for Venstre 1886–1888, Det moderate Venstre i 1889–1894 og Venstre 1910–1924. Han var medlem av kommunestyret i Kvam (Vikør) 1886–1919 og var ordførar 1888–1919. I tillegg hadde han ei rekkje andre offentlege og private verv, mellom anna som formann i Kvams venstreforening og Hordaland Mållag. Frå 1925 til 1936 var han redaktør for Hardanger historielag sitt tidsskrift.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Lars Ek: Stortingsmann Nils Skaar. En moderat venstremanns politiske utvikling i årene 1885-1894. Hovudoppgåve i historie ved Universitetet i Oslo. 1965
  • Nils Kolle: Bygdebok for Kvam bind II. Liv og lagnad på 1800-talet. Kvam 1999
  • Vilhelm Haffner: Stortinget og statsrådet : 1915-1945, band 1: Biografier. Oslo 1949

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg