Faktaboks

Niels Juel
Fødd
16. mai 1831, Halsnøy i Kvinnherad, Vestland
Død
21. juli 1897
Niels Juel
Niels Juel
Av .

Niels Juel var ein norsk folkehøgskulemann, stortingsrepresentant og gardbrukar frå Halsnøy. Han skreiv det eldste kjende privatbrevet på landsmål.

Bakgrunn

Niels Juel var fødd på Halsnøy i Fjelberg (no Kvinnherad) i noverande Vestland. Han tok jordbruksutdanning ved akademiet i Hohenheim i Württemberg i Tyskland, ein av dei fremste jordbrukshøgskulane i Europa på den tida. I 1868 tok han over farsgarden.

Folkehøgskule og landsmål

Same året skipa han saman med Wollert Konow ein folkehøgskule på Halsnøy. Dei dreiv skulen i fire år i «Haugestova». Det var den tredje folkehøgskulen i Noreg, og den første på Vestlandet.

Niels Juel skreiv elles det eldste kjende privatbrevet på landsmål, eit brev til Ivar Aasen datert 1. august 1856.

Politisk karriere

Niels Juel var medlem av heradsstyret i Fjelberg i mange år, var ordførar og hadde mange verv. 15. desember 1885, i Niels Juels ordførartid, gjorde heradet vedtak om å nytte landsmål «ved all Bok- og Brevføring i Heradstyrets Tenesta». Det var det første kommunevedtaket om landsmål som administrasjonsspråk.

Han var vararepresentant til Stortinget 1868–1873 og stortingsrepresentant frå 1874 til 1888. Når han tala i Stortinget, brukte han landsmålet. Han høyrde til den radikale fløya av Venstre. I 1888 sette han fram det første forslaget i Stortinget om folketrygd.

Det var Juel og Knut Liestøl, med hjelp frå Arne Garborg, som formulerte framlegget til Stortinget i 1885 om å jamstelle dei to målformene. Dette var det første stortingsdokumentet som var skrive på landsmål (Dokument nr. 17/1885).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Reidar Djupedal: Ivar Aasen. Brev og dagbøker. Band II. Oslo 1958
  • Lars Eskeland: Bønder. Oslo 1925
  • Dag Gundersen: Fra Wergeland til Vogt-komiteen. Oslo 1967
  • Kjell Haugland: Målpolitiske dokument 1864–1885. Oslo 1971
  • Peder Hovdan: Eit norsk Noreg. Oslo 1947
  • Tallak Lindstøl: Stortinget og statsraadet 1814–1914. Kristiania 1914
  • Kristofer Sydnes: Sunnhordland folkehøgskule gjenom 25 år. Stord 1939
  • Aslak Torjusson: Den norske folkehøgskulen. Opphav og grunnlag. Oslo 1977

Kommentarar (2)

skreiv Bård Eskeland

Om biletet: Dette er ikkje den rette Ni(e)ls Juel. Sjå til dømes:

https://www.geni.com/photo/view/6000000037102666840?album_type=photos_of_me&end=&photo_id=6000000083745426839&project_id=&start=&tagged_profiles=

svarte Ida Scott

Takk for kommentar, jeg har bytta ut bildet. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg