Eirspennill

Eirspennill, AM 47 fol., f. 72v. Første side av Sverres soga.

Av .
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Eirspennill er eit norrønt handskrift frå tida kring 1300–1325. Arkivsignaturen er AM 47 fol., og handskriftet er oppbevart ved Den Arnamagnæanske Samling i København.

Faktaboks

Etymologi
norrønt ‘spenne av kopar eller messing’
Også kjend som

AM 47 fol.

Handskriftet er av pergament og har 195 blad, det vil seie 390 sider, i folioformat (i dette tilfellet 29,5 x 23,4 cm). Det manglar nokre blad i handskriftet; det har opprinneleg vore kring 203 blad.

Teksten i handskriftet er skriven av to skrivarar, medan ein tredje har skrive inn overskrifter. I tillegg har andre seinare skrive notisar i margane og på blanke sider, som til dømes eit utdrag frå Leiðarvísir av abbed Nikúlas, eit itinerarium (reisehandbok), på det første bladet. Handskriftet er utsmykka med initialar i grønt og raudt.

Namnet Eirspennill skriv seg frå ei lita spenne av messing som er sett på innbindinga. Eir er eit ord som blir brukt om kopar eller ei koparlegering, til dømes messing.

Innhald

Eirspennill

Eirspennill, AM 47 fol., f. 129r. Første side av Baglarsogaen.

Av .
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Handskriftet inneheld desse tekstane:

Kongesogene dekkjer tidsrommet frå 1035 til 1263. Eirspennill har ein litt forkorta tekst jamført med andre handskrifter av kongesogene.

Norsk eller islandsk?

Sidan språket i handskriftet har mange norske trekk, meinte den islandske filologen Finnur Jónsson og andre at handskriftet var skrive i Noreg. I nyare tid har forskarar meint at det heller er laga på Island med eksport til Noreg for auge, slik som filologen Stefán Karlsson har gjort greie for i ein del andre tilfelle der islandske handskrifter har norske språktrekk. Spørsmålet er ikkje avklara.

Eigarar

Vi veit ikkje om anna enn at handskriftet har vore i Noreg i mellomalderen; den første eigaren vi kjenner, er Trond Gardarsson, som har skrive at boka tilhøyrer han i margen på ei av sidene. Han titulerer seg som kannik, og han vart seinare erkebiskop i Nidaros (1371–1381). Ein annan nordmann, Iver Jenssen Jernskjegg til Oddenstrup og Fritsø (død 1570), har også skrive namnet sitt i boka. Frå han kom boka til svigersonen Pros Lauritssøn til Nørholm (død 1596), og på den tida var boka komen til Danmark. Árni Magnússon fekk tak i boka etter Jens Rosenkrantz i 1695 og skriv at Jens hadde fått henne av Otto Friis, han som også hadde Codex Frisianus.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg