Ågrip er eit norsk historieverk frå 1100-talet. Ågrip er det det eldste oversiktsverket på norrønt språk om Noregs kongar.
Faktaboks
- etymologi:
-
islandsk Ágrip af Noregs konunga sögum
- også kjent som:
-
Ágrip
Ågrip er oppbevart i Den arnamagnæanske samling, der manuskriptet er kategorisert som AM 325 II 4to.
Ågrip er eit norsk historieverk frå 1100-talet. Ågrip er det det eldste oversiktsverket på norrønt språk om Noregs kongar.
Ågrip er overlevert i eitt handskrift (med arkivsignatur AM 325 II 4to i Den Arnamagnæanske Samling) frå kring 1225. Byrjinga og slutten manglar, og det som er bevart, fortel om tida frå Harald Hårfagre (død kring 930) til sønene etter Harald Gille, Øystein (død 1157) og Sigurd (død 1155). Ein trur at Ågrip har omhandla tida frå Halvdan Svarte fram til 1177; tida etter 1177 var truleg allereie dekt av Sverresoga då Ågrip var skriven.
Ein trur at Ågrip er skriven på 1190-talet, etter at Sverresoga var skriven, men før soger som Fagrskinna, Heimskringla, dei eldste sogene om Olav den heilage og Odd munks soge om Olav Tryggvason, som truleg har brukt Ågrip som kjelde.
Framdrifta i forteljinga er strengt kronologisk. Innimellom vert det skote inn anekdotar, og mindre viktige hendingar får gjerne like stor plass som dei større.
Stilen står langt frå den flytande, knappe og fyndige stilen vi mellom anna finn i Heimskringla. I Ågrip ser vi at den høviske stilen så smått har byrja å gripe om seg. Eit treffande døme er valet av ordet kurteisi 'høviskheit' når dygdene til Olav Tryggvason blir beskrivne (kapittel 16), og det blir brukt mange lånord frå latin.
Eitt av stiltrekka er parallelismar, det vil seie at par av ord som betyr nesten det same, er stilte saman, gjerne med allitterasjon: hann festi ok fekk hennar ('han forlova seg med henne og fekk henne', kapittel 3), tók síðan at vaxa vitorð um hann ok svá metorð ('det tok til å gå ord og gjetord om han', kapittel 15). Eit beslekta trekk som blir brukt, er antitesar, samanstilling av ord som betyr det motsette: seig hon svá í o̢sku, en konungr steig til vizku ('slik seig ho i oska, men kongen steig til vit', kapittel 4).
Ågrip har mange ordspel, gjerne med uventa vendingar:
Ågrip er skrive i Noreg, og synsvinkelen er trøndsk. Forfattaren har store lokalkunnskapar om området kring Nidaros, og i teksten får hendingar i Trøndelag større plass enn hendingar andre stader. Også språkleg er det trekk som peiker mot Trøndelag.
Namnet Ágrip ('utdrag') skriv seg frå ei utgåve frå 1835 (i Fornmanna sögur, X), der verket vart kalla Stutt ágrip af Noregs konúnga sögum («Kort utdrag frå Noregs kongesoger»), og Ágrip har sidan vore brukt som namn på verket.
Den norrøne teksten av Ågrip vart utgjeven med omsetjing til nynorsk av Gustav Indrebø i 1936. Omsetjinga vart revidert og utgjeven aleine i 1973. Den norrøne teksten er sidan utgjeven normalisert av Bjarni Einarsson (1984) og dessutan saman med engelsk omsetjing av Matthew Driscoll (1995).
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.