Ein flåte er noko som flyt. Ordet er oftast brukt om ein enkel, flat og brei farkost av tre, strå eller liknande, som flyt på vatn.

Faktaboks

Etymologi

av norrønt floti; heng saman med verbet flyte

Om båtar

Ein flåte er dessutan ei større samling båtar og skip, til dømes alle skipa i eit rederi, eller alle fartøy av same slag innanfor eit område, til dømes ein fiskeflåte, og alle krigsskipa som eit land har, ein krigsflåte.

Om fly

Overført kan flåte også brukast ei større samling av andre fartøy, til dømes om alle flya i eit flyselskap.

Byggteknisk

I bygningsfag er flåte ein plattform av tre, betong eller liknande, brukt til fundament over grunn som ikkje er fast nok.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg