Svein Tindberg

Faktaboks

Svein Tindberg

Svein Randor Tindberg

Født
25. juni 1953, Oslo
Svein Tindberg i forestillinga Gudspartikkelen på Det Norske Teatret (2021)
/Det Norske Teatret.

Svein Tindberg (til høgre) saman med Henrik Rafaelsen i Det Norske Teatret si oppsetjing av Brotsverk og straff (2006).

Av /KF-arkiv ※.

Artikkelstart

Svein Tindberg er ein norsk skodespelar. Frå 1990-åra har han hatt stor suksess med å framføre og formidle bibeltekstar på scenen; med framsyninga Abrahams barn i 2011–2015 inkluderer det òg Koranen.

Bakgrunn

Svein Tindberg er fødd i Oslo. Han tok examen artium ved Nissen Gymnas i 1972, var elev ved Det Norske Teatret i 1972–1974 og fullførte Statens Teaterhøgskole i 1976. Frå same året har han vore tilsett ved Det Norske Teatret, med nokre avbrot. I 1980–1981 var han i Fjernsynsteatret, i 1987–1989 gjesta han Trøndelag Teater, i 1996–1999 Nationaltheatret og i 2001–2002 Riksteatern i Sverige.

Tindberg bestemte seg tidleg for å verte skodespelar. Faren var scenograf ved Det Norske Teatret, og det hadde mykje å seie for yrkesvalet hans.

Svein Tindberg er sonen til Snorre Tindberg og broren til Ivar Tindberg.

Skodespelarkarriere

Roller

Svein Tindberg har spela mange klassikarroller, mellom anna Prins Paris i Holbergs Ulysses von Itachia (Det Norske Teatret 1983), Edgar og seinare Lear i Shakespeares Kong Lear (Det Norske Teatret 1983 og Trøndelag Teater 2007), Clitandre i Molières Lærde damer (Det Norske Teatret 1984), Romeo i Shakespeares Romeo og Julie (Det Norske Teatret 1985), tittelrolla i Edmond Rostands Cyrano de Bergerac (Det Norske Teatret 1993) og både Horatio og tittelrolla i Hamlet (Det Norske Teatret 1998 og Nationaltheatret 1998), Lord Goering i Oscar Wildes Den perfekte ektemann (Nationaltheatret 1996) og Otte i Olav Duuns Juvikfolke (Det Norske Teatret 2004).

Av Henrik Ibsen har han spela Osvald i Gengangere (Trøndelag Teater 1987), Gregers Werle i Vildanden (Nationaltheatret 1996), Knappestøyparen i Peer Gynt (Gålå 2014–2016, og Det Norske Teatret 2018) og tittelrolla i Brand (Det Norske Teatret 2015).

I moderne drama har han utmerkt seg i roller som den Elvis-fikserte hovudpersonen i Klaus Hagerups Heartbreak Hotel (Trøndelag Teater 1988), Kong Kristian i Edvard Hoems Sankt Olavs skrin (Det Norske Teatret 1990), Harald i Lars Noréns Tida er vår heim (Det Norske Teatret 1994) og Olof i Taus musikk av same forfattaren (Det Norske Teatret 2004) og Martini i Frode Gryttens Bikubesong (Det Norske Teatret 2003).

Tematisering av religiøse spørsmål

Svein Tindberg i soloforestillinga Evangeliet etter Markus på Riksteateret (1995)
Av /Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

I det kunstnariske arbeidet sitt har Tindberg tematisert religiøse spørsmål og gudstru. Rolla som presten Johannes i Kaj Munks Ordet førte han inn i dette interessefeltet.

Størst suksess har han hatt med einmannsframsyningane Evangeliet etter Markus (1995), Apostlenes gjerninger (2000) og Abrahams barn (2011/2012) på Det Norske Teatret, der dei tre verdsreligionane jødedom, kristendom og islam står sentralt. Den siste framsyninga har han skrive sjølv, og framsyningane er sett opp saman med regissør Kjetil Bang-Hansen. Monologframsyningane syner tru på dei religiøse tekstane si eiga formidlingskraft, og slik har Tindberg medverka til å fornye forteljartradisjonen kring denne typen tekstar. I 2021 kom den fjerde i rekkja, Gudspartikkelen.

I 2016 var han med i framsyninga Etterlyst: Jesus av Bjørn Eidsvåg på Det Norske Teatret.

Tindberg har òg gitt ut bøkene Juleevangeliet (2011), illustrert av Håkon Bleken, og Bibelfortellinger for barn (2017). I 2020 debuterte han som barnebokforfattar med Fangene i Adnafjell (2020), som var første boka om Charlie Drømmevandrer. I 2021 kom andre bind i serien, Sølvdronningens hevn.

Friluftsoppsetjingar og innspelingar

Tindberg har gjort fleire friluftsoppsetjingar, mellom anna har han regissert Mostraspelet, der han òg har spela Olav Haraldsson (1998–1999, 2005).

Musikkteater

Til Tindbergs roller i musikkteater høyrer Theodorakis-kabareten Snart gryr ein morgon (Det Norske Teatret 1982), Action i West Side Story (Det Norske Teatret 1982), Johannes i musikalversjonen av An-Magritt (Trøndelag Teater 1988), den vettskremde kjærasten Oscar i Sweet Charity (Thalia Teater 1989), Martini i Frode Gryttens Bikubesong (Det Norske Teatret 2003) og konferansieren i Cabaret (Trøndelag Teater 2008).

Lydbøker, film og TV

Svein Tindberg har medverka i fleire filminnspelingar og plateutgivingar med resitasjon og opplesing.

Som filmskodespelar har han vore med i filmar som Erik Solbakkens Rallarblod (1979, basert på ein roman av Kristofer Uppdal) og Liv Ullmanns Kristin Lavransdatter (1995, etter Sigrid Undset). Han har hatt TV-roller mellom anna i Peer Gynt (1993), Fire høgtidar (2000), Kodenavn Hunter og Kodenavn Hunter 2 (2007 og 2008).

Prisar

Tindberg har fått fleire prisar for det kunstnariske arbeidet sitt, mellom anna Teaterkritikarprisen, Norske Teaterlederes pris og Telenor Bedrifts kulturpris i 1995, Bibelprisen i 1996, Oslo bys kunstnerpris i 1997, Brobyggerprisen i 2001, Petter Dass-prisen i 2011 og Heddaprisen i 2012 og 2018.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Leif Mæhle (red.): Det Norske Teatret 75 år. Oslo 1988
  • Nils J. Ringdal: Nationaltheatrets historie 1899–1999. Oslo 2000

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg