Brand (dikt av Ibsen)

Artikkelstart

Brand er eit dramatisk dikt i fem akter av Henrik Ibsen, skrive i Italia i 1865 og gitt ut i København i 1866. Brand vart først skriven som forteljande dikt, Den episke Brand, med tittel etter hovudpersonen.

Diktet handlar om den idealistiske og kompromisslause presten Brand og den tragiske lagnaden hans i ei norsk fjellbygd. Brand er inspirert av tankane til Søren Kierkegaard, til dømes om den uendelege fortvilinga, som ein ser i Brands vanskar med å realisere eigne ideelle krav. Modell for Brand var presten Christopher Bruun.

4. akt vart spelt på Christiania Theater i 1867, medan alle akter vart spelt for første gong på Nya Teatern i Stockholm i 1885, og med norsk ensembleNationaltheatret i 1904. Stykket er seinare sett opp ei rekkje gonger i Noreg og i utlandet.

Brand vart filmatisert i Russland i 1915.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg