Kjetil Bang-Hansen

Faktaboks

Kjetil Bang-Hansen
Født
16. mai 1940, Oslo
Kjetil Bang-Hansen.
Av /SCANPIX.

Artikkelstart

Kjetil Bang-Hansen er teatersjef, regissør, skodespelar og instruktør. Han har vore ein av dei mest sentrale teatersjefar og regissørar i Noreg sidan 1960-talet.

Bakgrunn

Kjetil Bang-Hansen er fødd i Oslo. Han er utdanna skodespelar frå Statens teaterskole (no Teaterhøgskulen)(1959–1962). Han er gift med Inger-Johanne Rütter. Han er son av Odd Bang-Hansen og bror av Pål Bang-Hansen.

Teaterkarrieren

Bang-Hansen var tilsett ved Edderkoppen Teater i 1962–1963 og Oslo Nye Teater i 1963–1966 og i 1998-2001. Han var instruktør ved Trøndelag Teater i 1967–1971 og Teatret Vårt i Molde i 1972–1973. Bang-Hansen var rektor ved Statens teaterhøgskole i 1973–1976 og deretter teatersjef ved Rogaland Teater i 1976–1982, Den Nationale Scene i 1982–1986, Nationaltheatret i 1986–1987. Han har òg arbeidd som instruktør ved Nationaltheatret i ei rekkje år.

Bang-Hansen debuterte som skodespelar i filmen Ugler i mosen i 1959 og spela Lars i Frisøndag av Leck Fisher i Fjernsynsteatret i 1961. Seinare har han mellom anna spela i Anne Franks dagbok (1964) og Stor ståhei for ingenting (1969). Bang-Hansen debuterte som instruktør ved Trøndelag Teater i 1967 med To på vippen. Han har seinare iscenesett ei lang rekkje oppsetjingar på ulike scener, mellom anna Henrik Ibsens Gengangere (1968) og Brand (1971), Den glade enke (1987), Maria Q av Cecilie Løveid (1994), Evangeliet etter Markus (1995), Reisen til julestjernen (2007) og Ingmar Bergmans Fanny og Alexander (2009).

Han er engasjert i norsk teaterdebatt og har gitt ut boka Trommer og sang (1987). Som instruktør er han oppteken av poetisk teater og har sans for ironisk stilisering. Han har vore gjesteinstruktør ved teater i fleire land, mellom anna Danmark, Polen, Frankrike og USA.

Utmerkingar

Bang-Hansen har fått Fritt Ords Pris (1983), Kritikarprisen (1999/2000) for sin regi av Apostlenes gjerninger for Thalia Teater. Han vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden (2002).

Bang-Hansen har vore nominert til Heddaprisen for beste regi tre gongar og vorte tildelt i kategorien for Oscar Wildes Hvem er Ernest? (2003)for Nationaltheatret. Han var òg nominert til Heddaprisen i 2004 for Thomas Vinterbergs Festen (Nationaltheatret 2003; oppsetninga blei også nominert i klassa for beste førestilling) og i 2010 for Henrik Ibsens John Gabriel Borkman (Rogaland Teater). I 2012 mottok Abrahams barn, som han regisserte for Det Norske Teatret i 2011, Heddaprisen i klassa Årets forestilling.

Han fekk Norsk Sceneinstruktørforenings ærespris 2010 og Aase Byes Ærespris 2013.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg