Faktaboks

Frode Grytten
Født
11. desember 1960, Bergen
Frode Grytten

Frode Grytten

Av /NTB Scanpix ※.

Frode Grytten er ein norsk forfattar og journalist. Han er mest kjend for kollektivromanen Bikubesong (1999). Han er ein slags litterær altmoglegmann og starta som journalist i Bergens Tidende. Seinare har han skrive noveller, romanar, lyrikk, barnelitteratur, essay, reiseskildring, spenningsroman, skodespel – og fotballpoesi. Han har mellom anna vunne Brageprisen.

Ein usentimental forteljar

Frode Grytten på Lillehammer
Frode Grytten mottok Brageprisen for romanen Bikubesong i 1999.

Gryttens litterære stil er stram, nøktern og usentimental. Skildringane kjem ganske tett på dei litterære personane, men dei er ofte menneske som underpiller eller undertrykkjer sterke kjensler, gjerne kjensler knytt til kjærleiksforhold som er i ferd med å gå i oppløysing, eller som allereie er undergrave av gammal vane. Grytten har skrive sine fleste bøker på nynorsk. Han er fødd i Bergen, men har vakse opp i Odda, og det lokale industrisamfunnet der speler ei viktig rolle i fleire av bøkene hans. Det er også ei rekkje internasjonale stadsreferansar i verka hans.

Gjennombrot

Bikubesong, bokomslag
Grytten fekk sitt gjennombrot med Bikubesong.
Det norske samlaget.

Grytten debuterte som lyrikar i 1983 med samlinga Start, og han har gitt ut ei rekkje diktsamlingar også seinare i forfattarskapen. Etter debuten følgde likevel først ei rekkje novellesamlingar: Den første hadde tittelen Dans som en sommerfugl, stikk som en bie (1986). Det store gjennombrotet sitt fekk Grytten med Bikubesong (1999). Romanen består av 24 relativt fritt samansette tekstar som alle er knytt til arbeidarblokka «Murboligen» i Odda. Forteljingane krinsar om sosiale tema og skildrar kvardagssamfunnet i industribygda. Blokken fungerer som ei fortetta verd der ulike typar frå det lokale miljøet blir skildra på ein frodig og ofte humoristisk måte. Bikubesong vart dramatiserte og sett opp på Det Norske Teatret i 2003.

Noveller

Sjølv om Grytten fekk gjennombrotet sitt med ein roman, er det ikkje minst som novelleforfattar han har sett sitt preg på nyare norsk litteratur. Fleire av novellesamlingane hans har preg av heilskaplege konsept. Popsongar (2001) består av 24 tekstar som alle er knytt til kvar sin poplåt. Men i tillegg dannar dei eit reiseprosjekt der halvparten av tekstane er plasserte under overskrifta «Avreise», og resten dannar «Ankomst». Konseptet omfattar i tillegg at kvar tekst er kopla til ein bestemd stad: Orinoko, New York, Glasgow, Las Vegas og så vidare.

Rom ved havet, rom i byen

Bokomslag: Rom ved havet, rom i byen

Rom ved havet, rom i byen inneheld ti noveller som er inspirerte av måleri av Edvard Hopper.

Av /Det norske samlaget .

Novellesamlinga Rom ved havet, rom i byen (2007) har også ein konseptuell komposisjon. Her er kvar av novellene kopla opp mot eit måleri av den amerikanske målaren Edward Hopper (1882–1967). Tekstane er sjølvstendige litterære verk, og Hoppers måleri treng ikkje å oppfattast som «illustrasjonar» til lesnaden. Men Grytten har på ein oppsiktsvekkjande måte klart å skape stemningsnoveller som på uventa og presise måtar minner om den særeigne atmosfæren i Hoppers bilete.

Hopper måla i ein hyperrealistisk stil, der lyset speler ein eigen(arta) rolle, av og til ved hjelp av «overeksponeringseffektar» og ofte ved hjelp av dei geometriske mønstera til sollyset inne i mørke rom. Bileta er ofte folkesette av einsame, melankolske skikkelsar som ikkje røper løyndommane sine. Å skape slik intens, men heldt tilbake «undertekst» er noko av meisterskapen også i Grytten sine tekstar. Me møter personar i situasjonar der dei underpillene eller undertrykkjer sterke kjensler, ofte knytt til kjærleiksforhold som er i ferd med å gå i oppløysing. Nøling overfor konsekvensar av nødvendig endring er eit gjennomgåande motiv i samlinga.

Noveller i miniatyr

Med samlinga Vente på fuglen (2014) eksperimenterer Grytten med novellesjangeren. Kvar av «novellene» består av tekstar på berre tre eller fire linjer (140 teikn). Forfattaren har reindyrka det forteljande elementet i litterære tekstar ned til ei miniatyrform og oppfinn ein ganske original «haiku-novelle». Den kan til dømes sjå slik ut:

Ein morgon vaknar mann (44) med ukjend

kvinne. Ho påstår ho er kona. Han veit

betre. Kor lenge har du vore her? spør han.

Tjue år, seier ho.

Sjølv i desse korte glimta klarer Grytten ofte å fange viktige motiv: fødsel og død, kjærleik og øydeleggingane til keisemda. Sarkastisk humor og understatement er kjenneteikn ved tekstane.

Kjønnsperspektiv

I samlinga frå 2016, Menn som ingen treng, går Grytten i ei anna retning. Tekstane er denne gongen meir omfattande. Til gjengjeld er dei tematisk konsentrerte. Novellene handlar om røffe mannslagnader ved yttergrensene til eksistensen. Kriminalitet, vald, hallikverksemd og rasisme, forhold i oppløysing og tøffe taparar er blant dei typiske motiva. Menn som mistar kontroll, og menn som manglar kontroll, einsame menn og desperate menn dannar personregisteret til novellesamlinga. Dei er skildra i ein barsk stil, men også med ein viss varme.

Grytten har gjennom store delar av forfattarskapen vore opptekne av ulike «maskuline aktivitetar». Tittelen på den første novelleutgivinga hans Dans som en sommerfugl, stikk som en bie er eit sitat frå bokselegenda Muhammad Ali sitt slagord, og kjønnsperspektivet speler ei tydeleg rolle i mange av Grytten sine tekstar. Han har eit sterkt forhold til sport og har skrive poesi om at han trur på fotball, ikkje på Gud.

Samarbeidsprosjekt

I Grytten si verksliste er det også fleire barnebøker, til dømes Hull & sønn (2004) illustrert av Marvin Halleraker og Gabba Gabba hey (2008) illustrert av Gry Moursund. Grytten har også samarbeidsutgivingar med ulike norske fotografar, til dømes Meter over havet (2015) saman med Sune Eriksen, Det norske biblioteket (2017) saman med Jo Straude og Fager er jordi (2018) saman med Helge Skodvin.

Musikk speler ei viktig rolle i mange av Grytten sine bøker, og han opptrer ofte med opplesnader saman med sitt Frode Grytten Beat Band. I 2017 framførte Grytten bestillingsverket Area 51 saman med pianist og bandleiar Morten QvenildKongsberg Jazzfestival. Verket er seinare gitt ut både i bokform og på plate. Area 51 er eit hemmeleg område i ørkenen i Nevada i USA der det amerikanske forsvaret testar ut våpensystema sine.

Grytten har også gitt ut ei reiseskildring, Dublin (2002), ei artikkelsamling, 50/50 (2010) og ein krimroman, Flytande bjørn (2005) som han vart tildelt Rivertonprisen for. I radioprogrammet Salongen las Grytten i fleire år dagbok i diktform.

Utgjevingar

  • Landet bortanfor landet. Område 51. Protestsongar, Oktober, 2019
  • Deilig er jorden (sammen med Helge Skodvin), noveller, Flamme, 2018
  • Det norske biblioteket (sammen med fotograf Jo Straube), Bergen Kjøtt Publishing, 2017
  • Menn som ingen treng, noveller, Oktober, 2016
  • Meter over havet (sammen med fotograf Sune Eriksen), prosa, Press, 2015
  • Sånne som oss, drama, Oktober, 2015
  • Vente på fuglen, noveller, Kagge, 2014
  • Brenn huset ned, roman, Oktober, 2013
  • Saganatt, roman, Oktober, 2011
  • Dronninga er død, lyrikk, Flamme, 2010
  • 50/50, essayer, Samlaget, 2010
  • Det norske huset, prosa, Flamme, 2009
  • Norge og andre dikt, lyrikk, Flamme, 2009
  • Noveller i samling, noveller, Samlaget, 2009
  • Og om en eller annen, men ikke hvem som helst, fikk lyst til å være nær deg, for eksempel meg, lyrikk, Flamme, 2008
  • Gabba gabba hey!, barnebok, Samlaget, 2008
  • Hallo?, roman, Bodoni, 2008
  • Godnattboka (medforfatter), eventyr, Skald forlag, 2007
  • Rom ved havet, rom i byen, noveller, Samlaget, 2007
  • Bikubegang: 24 stopp i Frode Gryttens univers, dokumentar og historie, 2005
  • Flytande bjørn, roman, Samlaget, 2005
  • Hull & Sønn, humor, Spartacus, 2004
  • Dublin – forfatterens guide (10 sanger om Dublin), dokumentar og historie, Spartacus, 2002
  • Popsongar, noveller, Samlaget, 2001
  • Frosken Vertigo og det store spranget, barnebok, Eide, 1999
  • Bikubesong, roman, Samlaget, 1999
  • Heim att til 1990-åra, noveller, Samlaget, 1997
  • Meir enn regn, noveller, Samlaget, 1995
  • 80º aust for Birdland, noveller, Samlaget, 1993
  • Langdistansesvømmar, noveller, Samlaget, 1990
  • Dans som en sommerfugl, stikk som en bie, noveller, Aschehoug, 1986
  • Start, lyrikk, Aschehoug, 1983

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Frode Grytten: forfattarhefte, utgitt av Biblioteksentralen 2002
  • Rottem, Øystein (1998) Norges litteraturhistorie, bind 8: Vår egen tid, 1998

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg