Nelson Mandela. Av . CC BY SA 3.0

Nelson Mandela

Faktaboks

Nelson Mandela
Nelson Rolihlahla Mandela, Madiba
Uttale
n'elsånn mandˈela
Født
18. juli 1918, Mvezo, Sør-Afrika
Død
5. desember 2013, Johannesburg, Sør-Afrika
Nelson Mandela som ung mann, cirka 1937.
Av .
Lisens: fri

Nelson Mandela

Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Nelson Mandela var ein sørafrikansk jurist, frigjeringsleiar og politikar. Han var Sør-Afrikas president frå 1994 til 1999. Mandela var ein av dei mest framståande leiarane for frigjeringsrørsla African National Congress (ANC) frå 1940-åra, og sat fengsla for motstandsarbeidet sitt mot apartheidregimet i over 27 år.

Etter at han vart lauslaten i 1990 var Mandela sentral i avskaffinga av apartheid og gjennomføringa av dei første frie, demokratiske vala i landet i 1994. Dette valet vann ANC med klar margin, og Mandela vart det demokratiske Sør-Afrikas første president.

Mandela var eit av dei mest framståande symbola i verda på fred og forsoning då han sat fengsla i det berykta fengselet på Robben Island. I 1993 vart han tildelt Nobels fredspris for arbeidet med demokratiseringa av Sør-Afrika.

Bakgrunn

Nelson Mandela vart fødd i Transkei-regionen i Sør-Afrika og døydde iJohannesburg. Morsmålet hans var xhosa, som i ettertid har vorte eitt av elleve offisielle språk i Sør-Afrika. Han utdanna seg til jurist ved universitetet i Witwatersrand (Wits) i Johannesburg. I 1953 starta han saman med Oliver Tambo eit advokatfirma i Johannesburg, kalla Mandela and Tambo. Dette var det første advokatkontoret i Afrika med berre svarte advokatar.

Opprør mot apartheidsystemet

Nelson Mandela var høvdingson, og alt som ung mann tok han opp kampen mot det urettferdige apartheidsystemet som vart lovfesta i Sør-Afrika i 1948. Dette systemet baserte seg på at dei ulike rasane i Sør-Afrika skulle haldast frå kvarandre. Dei svarte vart haldne utanfor alle maktposisjonar, og hadde verken stemmerett eller andre demokratiske rettar.

Dei svarte organiserte seg i African National Congress (ANC), som vart grunnlagt alt i 1912, men som først steig fram som ein samlande kamporganisasjon for dei svarte sine interesser etter at apartheidpolitikken vart innført i 1948. Nelson Mandela var med på å stifte ungdomsforbundet av ANC alt i 1943, og som nyutdanna advokat vart han ein av leiarane. Han vart tiltalt for høgforræderi i 1956, men vart frikjent saman med dei andre 155 tiltalte i 1961. I 1961 vart han øvstkommanderande for den væpna fløya i organisasjonen, og var sjølv aktiv i fleire aksjonar mot dei kvite makthavarane.

Kort tid etter Sharpeville-massakren i 1960, der 69 menneske vart drepne og 180 alvorleg skadde, forbaud apartheidregjeringa ANC og andre organisasjonar. På same tid gjekk ANC bort frå den ikkje-valdelege linja som organisasjonen hadde følgt. Mandela talte for og støtta denne strategiendringa. Som leiar av ANC Youth League hadde Mandela tidlegare markert seg med ei meir radikal linje enn den sitjande leiarskapen i moderorganisasjonen. I møtet med eit stadig meir brutalt apartheidregime såg Mandela på den tida væpna motstand som ein siste, nødvendig utveg.

Mandela fekk ansvaret for å byggje opp ANC som ein hemmeleg organisasjon og vart leiar for den væpna fløya av ANC, Umkhonto we Sizwe (Spydet i nasjonen). ANC måtte i stor grad drivast frå utlandet sidan den var ein forboden organisasjon i Sør-Afrika, mellom anna med økonomisk støtte frå norske styresmakter med fleire.

16. desember 1961 vart det gjennomført ei rekkje sabotasjeaksjonar. Mandela gjekk under jorda kort tid etter bannlysninga av ANC og vart raskt etterlyst av styresmaktene. Han sneik seg over grensa til Bechuanaland (dagens Botswana) i 1962, og gjennomførte ein lengre utanlandstur for å gjere frigjeringskampen betre kjent internasjonalt.

Fangenskap

Under hele Mandelas 27 år lange fengselsopphold var det en kontinuerlig internasjonal aksjon for å få ham frigitt. Her ser vi en «Free Mandela»-graffiti på veggen til King’s College Chapel i Cambridge i 1965.

Av /NTB Scanpix ※.

5. august 1962 vart Mandela arrestert på veg tilbake til Johannesburg og seinare dømt til fem års fengsel. Men då apartheidregimet avdekte gøymestaden til motstandsrørsla på Liliesleaf Farm i Rivonia ved Johannesburg i 1963, vart Mandela tiltalt for terrorisme og konspirasjon mot staten. Saman med mellom andre Walter Sisulu og Govan Mbeki vart han dømd til livsvarig fengsel i 1964. Han sona livstidsdommen på den berykta fangeøya Robben Island i 18 år, før han seinare vart overført til Pollsmoor-fengselet på fastlandet.

Eit regime mot undergangen

Den fengsla Nelson Mandela vart gradvis det internasjonale symbolet på fridomshåpet til undertrykte menneske, og han vart symbolet på kampen mot apartheid. Det internasjonale presset mot dei kvite makthavarane i Sør-Afrika om å gjere slutt på apartheidpolitikken auka kraftig utover i 1980-åra. Det var også mykje indre uro i Sør-Afrika, og apartheidregimet gjorde seg skuldig i stadig fleire valdshandlingar mot dei svarte.

I den svarte bydelen Soweto gjorde mange tusen opprør 11. juni 1976 mot eit vedtak om at undervisninga i halvparten av faga i skulen no skulle vere på afrikaans, språket til dei kvite innvandrarane som kom frå Nederland på 1600-talet. Opprøret enda i ein massakre der politistyrkane drepte mange hundre svarte innbyggjarar. Dette gav kampen mot apartheid ny kraft. Folketalsutviklinga i Sør-Afrika viste også at dei kvite kom i stadig større mindretal, og at det vart meir og meir urealistisk at apartheidsystemet kunne halde fram.

Frigjering og demokrati

Nelson Mandela og Frederik W. de Klerk under årsmøtet til World Economic Forum i Davos i 1992. Hentet fra WEFs Flickr-konto. CC BY-NC-SA 2.0
.
Lisens: fri

I 1989 vart det halde eit møte mellom Mandela, dåverande president Pieter Willem Botha, som var glødande apartheid-tilhengjar, og påtroppande president Frederik Willem de Klerk. Botha og de Klerk ville drøfte kva vilkår Mandela kunne bli sett fri på. Mandela sitt viktigaste krav var at apartheidsystemet måtte avviklast.

Etter stort lokalt og internasjonalt press og politisk krise for apartheidregimet vart Mandela lauslaten i 1990. Etter lauslatinga spelte Mandela ei sentral rolle i forhandlingane som førte fram til dei første frie vala i Sør-Afrikas historie, og ein formell avskaffelse av apartheid i 1994. Han vart vald til president for ANC, og han innleidde forhandlingar med president de Klerk om å fjerne apartheidsystemet og innføre demokrati i Sør-Afrika med likeverdig stemmerett for alle folkegrupper.

I 1993 vart han tildelt Nobels fredspris saman med president de Klerk. Grunngjevinga var at dei saman hadde greidd å gjennomføre ein fredeleg overgang frå apartheid til demokrati, og det skuldast ikkje minst Mandela sitt sterke ønske om å forsone folkegruppene i Sør-Afrika. I 1994 vart han også den første demokratisk valde presidenten i Sør-Afrika, med over 60 prosent av stemmene. Fleirtalsstyret var dermed innført.

Mandela som president

Nelson Mandela og daværende statsminister i Norge, Gro Harlem Brundtland, i samtale under Nobel-banketten på Grand Hotel, etter utdelingen av fredsprisen i 1993.
.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Som president spela Mandela òg ei aktiv rolle i internasjonal afrikansk politikk, mellom anna som fredsmeklar i borgarkrigen i Kongo (Zaïre), og vart påpeika som Afrikas fremste statsmann. Mandela var ein eldre mann då han vart vald til president, og åra som fange hadde nok sett sine spor. Etter fem år som president meinte han at andre burde ta over, og han brukte tida si til å snakke om forsoning og fred rundt om på talarstolar verda over.

Mandela var eitt av dei mest framståande symbola i verda på fred og forsoning på slutten av 1900-talet og fram til sin død i 2013. Både under fangenskapet sitt og seinare vart Mandela tildelt ei rekkje internasjonale utmerkingar, i tillegg til Nobels fredspris.

Utgjevingar

Mandela gav ut ei rekkje bøker, slik som artikkelsamlinga No Easy Walk to Freedom (1973) og sjølvbiografien Long Walk to Freedom (1994, norsk utgåve same år: Veien til frihet).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Mary Benson (1990) Nelson Mandela.
  • Veien til frihet (1994). Omsett av Kjell Olaf Jensen.

Kommentarer (2)

skrev Stina Båtnes

hva kjempet Nelson Mandela for?

svarte Ida Jackson

Kjære StinaDet tror jeg du kan finne ut om du leser artikkelen vår. Som du ser står det at han "satt fengslet for sin motstand mot apartheid-regimet i over 27 år". Så avslutningen av apartheid-regimet er nok kjernen i hva han kjempet for. Lykke til med oppgaveskrivingen!Hilsen Ida i redaksjonen

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg