Artikkelstart
Sauherad var ein kommune i Telemark fylke. Kommunen vart slått saman med Bø til Midt-Telemark kommune i 2020 og vart samtidig ein del av Vestfold og Telemark fylke. Samanslåinga var del av ei landsomfattande kommunereform.
Sauherad ligg mellom Notodden og Skien. Sauherad kommune omfatta forutan Sauherad òg Nes sokn i nordenen av Norsjø. kommuneadministrasjonen låg på Akkerhaugen. Ved kommunesamanslåinga i 2020 vart dei nordlegaste delane av Sauherad ved Hjuksebø overført til Notodden kommune.
I 1903 vart eit mindre område overført til Gjerpen (som var slått saman med Skien i 1964), og i 1914 vart eit mindre område overført til Bø. Kommunen heitte tidlegare Saude.
Kommentarer (1)
skrev Aase Berge
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.