Artikkelstart
Haram var frå 1837 til 2020 ein kommune på Sunnmøre, i Møre og Romsdal. Haram vart saman med Sandøy, Skodje og Ørskog slått saman med Ålesund kommune i 2020. Samanslåinga var del av ein landsomfattande kommunereform.
Haram eksisterte med ulike grenser frå 1837. Kommunen var ein av fylkets viktigaste industrikommunar, og heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen var i industrien ved samanslåinga.
Haram hadde ein fastlandsdel som omfatta halvøya mellom Grytafjorden og Midfjorden, og desse Nordøyane:
Haram vart oppretta i 1837 ved innføringa av det lokale sjølvstyret. Kommunen vart delt i 1890 då Vigra vart skilt ut som eigen kommune. Dei siste grensene sine fekk Haram i 1965, da fastlandsdelen av Vatne og Borgunds område på nordsida av Grytafjorden (Grytastranda, Søvik og Gamlem) vart innlemma i kommunen.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.