Faktaboks

Offisielt namn
HARAMSNYTT AS
Også kjend som

Nordre (2013–2024)

Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Brattvåg
Dagleg leiar
Åshild Kristine Fjørtoft
Styreleiar
Einar Arne Ekroll
Logo
Logo
Av .
Johan Kaare Tennsfjord

Johan Kaare Tenfjord var redaktør i Haramsnytt 1972–1974, og han var også ein dugande teiknar – ei evne som han lét kome avisa til gode. Her ser vi hans sjølvportrett frå fyrste orddinære nummer i 1972. Han teikna illustrasjonar til både redaksjonelt stoff og annonsar. I fyrste nummer presenterte han seg sjølv med eit uhøgtideleg sjølvportrett.

Johan Kaare Tennsfjord
Haramsnytt.

Haramsnytt er ei lokalavis for Haram og Sandøy på Nordre Sunnmøre som har kontor i Brattvåg. Avisa kjem ut på papir ein gong i veka, og elles som dagleg oppdatert nettavis. Avisa blei grunnlagt som Haramsnytt i 1971. I perioden frå 5. februar 2013 til 4. januar 2024 heitte avisa Nordre. Eigar er det privateigde selskapet Haramsnytt AS.

Historie

Opplagstall for Haramsnytt, 1986-2023

1986 2449
1988 2552
1990 2448
1991 2457
1992 2555
1993 2476
1994 2457
1995 2528
1996 2706
1997 2771
1998 2837
1999 2876
2000 2878
2001 2924
2002 2943
2003 2918
2004 2906
2005 2885
2006 2852
2007 2853
2008 2800
2009 2803
2010 2707
2011 2565
2012 2552
2013 2471
2014 2352
2015 2331
2016 2177
2017 2083
2018 1991
2019 1962
2020 2012
2021 1986
2022 1981
2023 2021
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)

Bygdebladet, Møre Bygdeblad og Vestland

Bygdebladet var det fyrste forsøket på avisdrift i tidlegare Haram kommune, men det måtte gje seg i sin andre årgang i 1932. Det gjekk langt betre med Møre Bygdeblad, som L. Hatlehol starta same året, men den tyske invasjonen stoppa denne avisa for godt i 1940. I 1952 blei det gjort eit forsøk på å starte avisa Vestland som ei ny bygdeavis, men ho måtte gje seg året etter.

Haramsnytt

Fyrst på slutten av 1960-åra kom tanken om lokalavis opp på nytt. Då var Haram kommune etter samanslåingar blitt mykje større og romma om lag 8500 innbyggjarar. Fleire enkeltpersonar og organisasjonar gjekk saman og gav ut eit prøvenummer, dagsett «Juni 1971», med namnet Haramsnytt. Eit aksjeselskap stod som utgjevar, og ei redaksjonsnemnd på fem personar laga avisa. I fyrste nummeret heitte det mellom anna: «Bladet vil ikkje ta opp konkurransen med dei store avisene, men fylle det tomrommet som desse naturleg nok ikkje makta å fylle når det gjeld vårt distrikt.»

Det fyrste ordinære nummeret kom ikkje før 18. februar 1972. Der blei det mellom anna fortalt at utgjevarane endeleg hadde nådd målet med aksjesalet. Den nye avisa kom frå då av med eitt nummer i veka, med Johan Kaare Tenfjord som redaktør.

Avisa fekk ein god start, med abonnentar også blant utflyttarar, noko som ikkje er uvanleg for lokalaviser. Likevel råka avisa etter to år i ein økonomisk krise. Redaktør Tenfjord trekte seg, og ei redaksjonsnemnd på tre personar overtok. Dei var amatørar og redigerte avisa på fritida, vederlagsfritt. Det blei også mykje nattarbeid, noko som gav redaksjonen aukenamnet «nattredaktørane». Denne spesielle ordninga varte heilt fram til 1978.

I 1978 overtok Ole M. Ellefsen redaktøransvaret, og han blei også hovudaksjonær. Han hadde tidlegare røynsle som redaktør av FjordabladetNordfjordeid. Han sat som redaktør heilt til byrjinga av 2000-talet, rett nok med fleire kortare avbrot. Den fyrste tida var han nesten aleine, men etter kvart fekk han bygd opp ein stab og teke i bruk den nye teknologien som gjorde det enklare og billegare å lage lokalaviser.

Haramsnytt var mellom dei fyrste i landet til å redigere avissider på skjerm. I 1996 blei avisa også lokalavis for nabokommunen Sandøy. Haramsnytt overtok i 2008 aksjemajoriteten i Sulaposten.

Frå Haramsnytt til Nordre, og tilbake til Haramsnytt

I 2013 skifta avisa namn til Nordre og tok lenge med Skodje kommune i dekningsområdet, i tillegg til Haram og Sandøy. Samstundes blei ei sterkare nettsatsing sett i verk gjennom den nye nettavisa til avisa. I januar 2024 skifta avisa navn tilbake til Haramsnytt.

Sidan 2017 har Haramsnytt òg drive avisa Midsundingen, som dekkjer tidlegare Midsund kommune. Midsundingen kjem på papir ein gong i månaden, og på nett kvar dag.

Opplag
År Opplag
1972 900
1980 2078
1990 2448
2000 2878
2010 2707
2013 2471
2015 2331
2018 1940
2022 1981
2023 2021

Til og med 2015 gjeld opplagstala papirutgåva. Frå 2020 blir det nytta netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement, ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg