Artikkelstart
Brattvåg er ein tettstad i Ålesund kommune i Møre og Romsdal, som til og med 2019 var administrasjonssenter i daverande Haram kommune.
Faktaboks
- Innbyggertall
- 2448 (1.1.2020)
Brattvåg ligg på vestsida av Samsfjorden, ein sørgåande arm av Romsdalsfjordens ytre del, 48 kilometer nordaust for kommunesenteret Ålesund.
Brattvåg er eit betydeleg industrisenter på nordre Sunnmøre. Verkstadindustrien dominerer og utgjer grunnlaget i eit maritimt miljø som også omfattar andre industrigreiner og næringar gjennom leverandørar og underleverandørar. Dette miljøet omfattar ei rekke tettstader på Sunnmøre og har heile verda som marknad. Sentrale bedrifter i dette nettverket i Brattvåg er Rolls-Royce Marine og Vard AS, som også har eit verft i Søvik. Brattvåg har også tekstil- og fiskeforedlingsindustri.
I Brattvåg ligg Haram vidaregåande skule. Brattvåg kyrkje er ei soknekyrkje i mur med rektangelplan, bygd i 1977 som arbeidskyrkje/menigheitssenter.
Frå Brattvåg går det bilferge til Nordøyane (Kongsneset på Fjørtofta og Myklebust på Harøya), likeins til øya Dryna i Molde kommune med samband vidare over Otrøya til Molde.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.