Faktaboks

Innbyggjartal
389 (SSB, 2023)
Landareal
0,5 km²
Tettstadsnummer
6171 Austnes

Austnes er ein tettstad i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,5 km², og har 389 innbyggjarar (2023).

Austnes ligg på søraustspissen av Haramsøya nord for Ålesund.

Like sør for tettstaden ligg Haram kyrkje, ei åttekanta tømmerkyrkje frå 1838, brannskadd i 1993 og sidan restaurert. Det går bilferge til Kjerstad på Lepsøya og Skjeltene på fastlandet; det går også snøggbåt til Ålesund. Austnes har noko småindustri.

Kart

Austnes
Austnes
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg