Faktaboks

Etymologi

Norrønt Øyraskógr. Førsteleddet er genitiv fleirtal av øyrr, ‘øyr, grusbanke’.

Administrasjonssenter
Sjøholt
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggjartal
2 250 (2019)
Landareal
129 km²
Høgaste fjell
Lauparen (1434 moh.)
Innbyggjarnamn
ørskogbygdar
Kommunenummer
1523 (fram til 2020)

Kommunevåpen

Ørskog

Ørskog. Parti frå Sjøholt. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.
Sjøholt
Tettstaden Sjøholt med Storfjorden.
Av /Nye Ålesund kommune.
Lisens: CC BY NC 2.0

Ørskog var ein kommune i Møre og Romsdal. Ørskog vart saman med Haram, Sandøy og Skodje slått saman med Ålesund kommune i 2020. Samanslåinga var ein del av ei landsomfattande kommunereform.

Bygda Ørskog ligg ca. 40 km aust for Ålesund, på nordsida av Storfjorden mellom Solnørvika i vest og Bjørkeneset i aust, og strekkjer seg frå Storfjorden og ca. 8–10 km opp til vasskilet på Ørskogfjellet.

Ørskog vart oppretta som kommune då det lokale sjølvstyret vart innført i 1837. Frå kommunen vart Sykkylven utskilt i 1883 (då 2029 innbyggjarar), og i 1955 vart endå ein del med 348 innbyggjarar overført frå Ørskog til Sykkylven. I 1965 vart Stordal og Skodje slått saman med Ørskog til den nye Ørskog kommune, men i 1977 vart han delt att (då med 5293 innbyggjarar) i Ørskog, Skodje og Stordal kommunar. Ørskog utgjer eitt kyrkjesokn.

For statistiske formål var Ørskog kommune (per 2016) inndelt i åtte grunnkrinsar: Apalset, Braute, Sjøholtstrand, Sjøholt, Lande, Ørskog, Skarbø og Vaksvik.

Natur

Berggrunnen er gneis som tilhøyrer Kaledonidane. Lokalt er gneisen gjennomsett av djuperuptiv ved vasskilet mellom Tresfjord i Vestnes og Vaksvika ved Storfjorden, og gabbro rundt Vassvika. Ein ilmenittførekomst finst nord for Sjøholt.

Langs fjorden er det slake lier og lågland medan landskapet stig og blir berglendt i dei indre delane. Høgaste toppen er Lauparen (1434 moh.) på grensa mot Vestnes og Stordal i søraust. Vasskilet på E136 over Ørskogfjellet ligg på 338 moh.

Busetnad

Busetnaden ligg langs Storfjorden med ein særleg konsentrasjon i det tidlegare administrasjonssenteret Sjøholt. Det er også ein viss busetnad i Solnørdalen på grensa til Skodje, nord for Sjøholt i nordvest og i Hatlen ved Vaksvikelva i søraust. I 2019 budde 65 prosent av befolkninga i Sjøholt, kommunens einaste tettstad.

Med unntak av 1960-talet har folketalet sidan krigen vore jamt aukande; likevel med ein litt meir moderat vekst enn Sunnmøre elles.

Næringsliv

Ved samanslåinga var rundt fem prosent av arbeidsplassane i Ørskog i primærnæringane. Jordbruket er dominert av husdyrhald, særleg mjølkeproduksjon. Det blir drive noko fiskeoppdrett. Pelsdyroppdrett var tidlegare ei stor næring. Industrien omfattar nokre mindre verksemder i verkstads-, trevare- og plastindustri. På Ørskogfjellet er det ein del vinterturisme og eit alpinanlegg.

I 2014 hadde 50 prosent av dei yrkesaktive i Ørskog arbeid utanfor kommunen, av dette 22 prosent i Ålesund, i alt 12 prosent i dei fire grannekommunane Sykkylven, Skodje, Vestnes og Stordal og fem prosent i Haram. Av innpendlinga til Ørskog kjem flest frå Skodje og Ålesund.

Samferdsel

Gjennom Ørskog går E136, hovudvegsambandet fra Ålesund til Romsdal og Dombås, likeins E39 (Kristiansand–Trondheim). Frå Sjøholt går veg langs fjorden innover til Stordal og Stranda (fylkesveg 650).

Historikk og kultur

Ørskog kyrkje på Sjøholt er ei langkyrkje i tre frå 1873. I staden for altertavle har kyrkja Kristusfigur på alteret, ein kopi av den danske bilethoggaren Bertel Thorvaldsens berømte Kristusfigur. Krusifikset i korbogen er truleg frå ei av dei eldre kyrkjene i Ørskog. Døypefonten har eit messingfat frå 1686.

Kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1983) var teikna av Jarle Skuseth og hadde ein gull pæl mot ein hermelin bakgrunn. Det symboliserte pelsdyravl, svarte røyskatthalar på kvitt røyskattskinn. Den gule søyla i midten viser skogsdrift og det at Ørskog tidlegare var utskipingshamn for tømmer.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Kjølås, G. m.fl.: Ørskog gjennom tidene, 1964–90, 3 bind. Les bøkene på nb.no: Band 1 Band 2 Band 3

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg