Vatne (Sunnmøre)

Artikkelstart

Vatne er eit sokn og ein tettstad aust i Ålesund kommune (tidlegare i Haram kommune) i Møre og Romsdal.

Faktaboks

Innbyggertall
1994 (2015, tettstedet)

Tettstaden ligg ved botnen av Vatnefjorden, som går sørover frå Midfjorden, Romsdalsfjordens framhald vestover. Her finst trevareindustri og noko konfeksjonsindustri. Vatnevatnet (ti meter over havet) renn ut i fjorden gjennom den stutte Oselva.

Soknet ligg rundt Vatnefjorden. Det svarar stort sett til fastlandsdelen av tidlegare Vatne kommune (1902–1964), og var 1965–2019 den austre delen av Haram kommune.

Vatne sokn har 2905 innbyggarar (2015). Vatne kyrkje inst ved botnen av Vatnefjorden er ei langkyrkje i tre, bygd i 1868.

Kart

Vatne
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg