Tema for rettshistoria er rettens historie. Rettshistorie er både eit rettsvitskapleg og historievitskapleg fagfelt.
Innan rettsvitskapen er rettshistorie eit gjennomgåande fagfelt, som vil seia at det ikkje er avgrensa til einskilde rettsområde som til dømes strafferett, prosessrett, forvaltningsrett eller erstatningsrett. Dette er ein status rettshistoria deler med andre rettsvitskaplege fagfelt som til dømes rettsfilosofi, rettssosiologi og rettsøkonomi. Rettshistorie vert av den grunn gjerne forstått innan rettsvitskapen som eit perspektivfag, eller som eit bindestreksfag som binder saman rettsvitskapen med andre vitskapar. Dette i motsetnad til fagfeltet rettsvitskap, som handsamar rettsreglar innan sitt felt.
Innan historievitskapen er rettshistorie eit fagfelt med ein eigen innfallsvinkel til samfunnet, på same måte som til dømes politisk historie, sosialhistorie og økonomisk historie. Men rettshistorie er òg eit profesjonshistorisk fagfelt på same måte som medisinsk historie. Det vil seia at det i staden for å gjera teneste som ein innfallsvinkel til samfunnet, vert undersøkt og formidla som ein eigen sfære i samfunnet. Ei rad filologar har arbeidd historisk med rettshistoriske tema frå mellomalderen.
Ein kan dela rettshistoria opp i ein indre og ytre rettshistorie. Den indre rettshistoria handsamar til dømes retten sine institusjonar, rettsvitskapen og rettskjeldene. Dette er gjerne tema for den rettsvitskaplege rettshistoria. Den ytre rettshistoria handsamar til dømes retten sin sosiale funksjon og konsekvensar, rett som politisk instrument og rett som kulturuttrykk. Dette er gjerne tema i den historievitskaplege rettshistoria.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.