Artikkelstart
Jørn Sandnes, historikar og stadnamngranskar frå Nord-Trøndelag, rektor ved Universitetet i Trondheim frå 1978 til 1981.
Foto 1984. Bilde frå Norsk biografisk leksikon
Jørn Sandnes, historikar og stadnamngranskar frå Nord-Trøndelag, rektor ved Universitetet i Trondheim frå 1978 til 1981.
Jørn Sandnes var fødd i Snåsa. Han tok examen artium ved Steinkjer landsgymnas i 1946. Han vart cand.philol. ved Universitetet i Oslo i 1953, med faga nordisk hovudfag med gammalnorsk og bifaga tysk og historie.
I 1954–60 var Sandnes styrar for Snåsa realskole. Samstundes skreiv han Snåsaboka, som kom ut i to bind i 1957. Frå 1960 til 1964 var han lektor i norsk ved universitetet i Kiel.
Hausten 1964 vart han tilsett som høgskulelektor vedHistorisk institutt ved Norges lærerhøgskole, det som seinare vart Universitetet i Trondheim. Sandnes bidrog til fusjoneringa av dei vitskaplege miljøa i Trondheim til eit nytt universitet, der han òg var rektor frå 1978 til 1981. Frå 1975 til 1992 var han professor i historie same staden.
Sandnes hadde ein aktiv karriere både fagleg, organisatorisk og universitetspolitisk fram til 1992, då han gjekk over i eit vel så aktivt tilvære som professor emeritus. Med hovudoppgåva Elve- og innsjønavnene i Snåsa (1953) innleidde han eit langt forskingsarbeid på stadnamn. Han var medredaktør for Norsk stadnamnleksikon, og han publiserte mange namnevitskaplege arbeid.
Fagområda til Sandnes var økonomisk og sosial historie i mellomalderen og tidleg nytid, i tillegg til lokalhistorie. Historikaren Sandnes interesserte seg særleg for agrar busetnadsutvikling. Som stipendiat var han involvert i eit stort prosjekt om nordiske øydegardar, og han disputerte i 1971 med avhandlinga Ødetid og gjenreisning. Trøndsk busetningshistorie ca 1200–1600. Han skreiv ei rekkjeartiklar om tidleg politisk, kyrkjeleg og sosial historie i forlenging av dette øydegardsprosjektet, og han tok del i debatten om utbreiinga til sørsamane.
Sandnes var engasjert i lokalhistorie, og då særleg byhistorie. Han var hovudredaktør for seksbindsverket om Trondheims historie til byjubileet i 1997. Det siste større verket hans var fullføringa av Trondheim bymarks historie i 2006. Sandnes var i perioden 1976–85 redaktør av lokalhistorietidsskriftet Heimen.
Sandnes gav blant anna ut Avfolkning og Union (med Steinar Imsen 1977, bind 4 i Cappelens Norgeshistorie), Ødegårdstid i Norge (1978, med Helge Salvesen), og Kniven, ølet og æren: Kriminalitet og samfunn i Norge på 1500- og 1600-tallet (1990). Saman med Jan Ragnar Hagland omsette og gav han ut Frostatingslova (1994).
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.