I 1934 etablerte Jens Ellingsen Ekornes firmaet J.E. Ekornes Fjærfabrikk, som ein liten underleverandør av springfjører til den ekspanderande møbelindustrien på Sunnmøre.
I Sykkylven var det i mellomkrigstida fleire møbelprodusentar, og Ekornes, satsa i byrjinga på spinning av spralfjører til dei andre produsentane. På denne tida måtte alle møbelprodusentar i landet hente fjørene frå Austlandet, der Grorud Jernvarefabrikk i Oslo og Helly J. Hansen i Moss var to av hovudprodusentane. Metallfjører kunne like gjerne produserast i Sykkylven, meinte Ekornes. Han forhøyrde seg med lokale møbelprodusentar om dei kunne tenkje seg å kjøpe frå ein lokal entreprenør. Responsen var god, og Ekornes kunne gå i gang med sin eigen fjørfabrikk.
I 1934 kjøpte Jens sin første fjørmaskin frå Tyskland, etter å ha bygd den første fabrikkbygningen heilt nede i fjæresteinane på Ikornnes. Salet av fjører blei ein suksess, og frå å selje til lokale leverandørar, utvida Jens raskt til å selje til resten av landet.
Det første året hadde han tre tilsette. Tre år seinare lanserte Ekornes dei første fjørmadrassane i Svane-serien: Eva, Ideal og Rekord. Den vesle fabrikken klarte å etablere seg i ein stadig veksande marknad, og sakte men sikkert blei bedrifta utvida.
Etter ein tur til USA i 1946 hadde J.E. Ekornes med seg heim att eit beslag som fekk mykje å seie for produksjonen av sovesofaar. Samtidig gjekk fabrikken over til å bli meir maskinell. Ekornes klarte å rasjonalisere produksjonen og dermed selje produkta til ein rimelegare pris enn før. I 1946 omsette Ekornes for 250 000 kroner. Året etter hadde omsetninga auka til éin million. Over nokre år etter andre verdskrigen blei familiebedrifta Ekornes utvida med fleire avdelingar i andre kommunar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.