Alf Torp

Faktaboks

Alf Torp
Født
27. september 1853, Stryn, Vestland
Død
26. september 1916, Kristiania (no Oslo)

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Alf Torp
Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Alf Torp var ein norsk språkforskar. Han gav ut etymologiske ordbøker for dansk og nynorsk, og skreiv om lite kjende, utdøydde språk.

Bakgrunn

Alf Torp var fødd i Stryn i Nordre Bergenhus amt (no Vestland) og døydde i Kristiania. Han tok språkleg-historisk lærareksamen ved universitetet i Kristiania i 1877 med faga latin og gresk, norsk og tysk.

Språkvitskap

I 1880 tok han doktorgraden i Leipzig på ei samanlikning av bøyingsmønster i sanskrit og det mellomindiske språket pali. Frå 1894 var han professor i sanskrit og samanliknande språkvitskap ved universitetet i Kristiania.

Han arbeidde særleg med indoeuropeisk språkhistorie og med tyding av inskripsjonar på lite kjende, utdøydde språk, som etruskisk, frygisk, hettittisk, lykisk og venetisk. Saman med Hjalmar Falk gav han 1903–1906 ut Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog (utvida tysk utgåve 1910), og 1915–1919 følgde Nynorsk etymologisk ordbok med Torp som eineforfattar, men med hjelp frå Falk og Marius Hægstad i siste delen.

Saman med Hægstad gav Torp i 1909 ut Gamalnorsk ordbok med nynorsk tyding. Bøkene kom i nye utgåver, reviderte eller ureviderte, og blir nytta den dag i dag. Privat skreiv Torp gjerne både gammalnorsk og latin, og på latin gav han i 1896 ut ei lita samling dikt.

Andre verv

Torp var formann i rettskrivingskomiteen av 1913, som førebudde 1917-rettskrivinga. Då Torp døydde, tok Falk over. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1886 og var òg medlem av vitskapsakademi i Danmark, Sverige og Italia. I 1906 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • A. Turpilii Poemata Pauca. Christianiae 1896
  • Hjalmar Falk: «Alf Torp», Maal og Minne 1917
  • Gerhard Gran: «Alf Torp», i Norsk aandsliv i hundrede aar, bd. 3. Kristiania 1919
  • Hjalmar Falk og Alf Torp: Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog. Oslo 1994
  • A. Sommerfeldt: «En norsk språkforsker: Alf Torp». Samtiden, 1962
  • Alf Torp: Nynorsk etymologisk ordbok. Oslo 1992
  • Kjell Venås: «Språkvitskapleg arbeid med norsk i 1905 og tidlegare», Språknytt nr. 1–2/2005
  • Studenterne fra 1871. Christiania 1896
  • Studenterne fra 1871. Kristiania 1921

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg