Hjalmar Falk

Faktaboks

Hjalmar Falk
Hjalmar Sejersted Falk
Født
2. april 1859, Vang (no Hamar), Hedmark
Død
2. november 1928, Oslo
Virke
Språkforskar og filolog
Familie

Foreldre: Kjøpmann Gustav Falk (f. 1827) og Dorothea Margarethe Sejersted (1827–67).

Gift 12.5.1903 med Laura Caroline Staff f. Aall (2.8.1872–6.1.1964; enke etter artillerikaptein Peder Staff, 1864–99), dotter til fabrikkeigar Jørgen Engelhardt Aall (1846–1923) og Anne Marie Schneider (1850–1941).

Hjalmar Falk

Maleri. Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Hjalmar Falk
Av /BONO, NTB Scanpix ※.

Hjalmar Falk var ein norsk språkforskar, professor i germansk filologi ved Universitetet i Oslo frå 1897.

Falk fekk avgjerande impulsar frå Sophus Bugge og gjorde tidleg germansk og nordisk språk- og segnhistorie, mytologi og folkeminne til forskingsfelt.

Han skreiv fleire bøker om språklege emne og om norske språk- og rettskrivingsspørsmål. Saman med Alf Torp gav han ut Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog (2 band, 1903–1906; faksimileutgåve i 1991; tysk omarbeidd utgåve 1910–1911).

Saman med Marius Hægstad kom han med forslag til namnet fylke for amt og fleire forslag til nye fylkesnamn og kommunenamn, som sidan vart gjennomført. Han var formann i rettskrivingskomiteen som resulterte i reforma av 1917.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg