Abid Raja

Faktaboks

Abid Raja
Abid Qayyum Raja
Født
5. november 1975, Oslo
Abid Raja er ein av nestleiarane i Venstre.
Av /NTB.

Artikkelstart

Abid Raja er ein norsk jurist og politikar for Venstre, som er stortingsrepresentant for Akershus sidan 2013. Frå 2020 er han òg nestleiar i Venstre. Han var kultur- og likestillingsminister i Regjeringa Solberg frå 2020 til 2021.

Bakgrunn

Abid Raja er fødd i Oslo. Han blei cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 2001 og tok mellomfag i kriminologi same staden i 2000. Raja studerte menneskerettar ved University of Southampton i 2000 og tok ein mastergrad i forskingsmetodikk innan vitnepsykologi ved University of Oxford i 2004.

Raja var talsmann for det pakistanske studentersamfunnet ved Universitetet i Oslo og for World Islamic Mission, den største norsk-pakistanske moskeen i landet.

Karriere

Raja var trainee i to ulike advokatfirma i 2000–2002. Deretter var han advokatfullmektig i 2002–2005 og advokat i 2005–2008. I perioden 2008–2012 var han tilsett som nemndleiar i Utlendingsnemnda. Har var politiadvokat ved Politiets utlendingseining i 2011–2012 og ambassadesekretær ved den norske ambassaden i New Delhi i India i 2012–2013.

Politisk karriere

Raja har vore aktiv som samfunnsdebattant sidan slutten av 1990-åra. Han blei seinare aktiv i Venstre og var nestleiar i Akershus Venstre i 2009–2011, medlem av landsstyret til partiet i 2009–2013 og 1. vararepresentant til sentralstyret i 2011–2013.

Abid Raja var vararepresentant til Stortinget 2009–2013 og sidan stortingsvalet i 2013 har han vore fast stortingsrepresentant for Akershus frå Venstre. Frå 2017 til 2020 var han i tillegg Stortingets femte visepresident.

I 2020 blei Raja kultur- og likestillingsminister i regjeringa til Erna Solberg, etter omrokeringane då Framstegspartiet trekte seg frå regjeringssamarbeidet. Frå 2017 til han blei statsråd i 2020, var han òg parlamentarisk nestleiar, og frå 2020 er han nestleiar i partiet. Han stilte som leiarkandidat i partiet i 2020, men valkomiteen og landsmøtet føretrekte Guri Melby som ny leiar, medan Raja vart nestleiar saman med Sveinung Rotevatn.

Politisk har han i ei årrekkje vore oppteken av innvandring, integrering og minoritetspolitikk. Til langt ut jusstudia var han konservativ muslim og imot likestilling og full ytringsfridom. Men dei dryge siste tjue åra har han endra syn og er no oppteken av og forsvarar av meir liberale verdiar.

Utgjevingar

Raja har gitt ut fleire bøker – sjølvbiografien Talsmann (2008) og Dialog. Om vold, undertrykkelse og ekstremisme (2010), som begge handlar om integreringsspørsmål. Sjølvbiografien Min skyld. en historie om frigjøring vart gitt ut i 2021; for denne fekk han Bokhandlerprisen 2021.

Andre verv og utmerkingar

Han har hatt ei rekkje tillitsverv og offentlege verv, mellom anna har han vore talsperson for World Islamic Mission (1999–2001) og medlem av styret i Europabevegelsen (2009–2012). Han var òg styreleiar i Minotenk (Minoritetspolitisk tenketank) i 2009–2012. I 2008 fekk han «Man of the year award» frå African Society og i 2010 Fritt Ords Pris.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg