Sveinung Rotevatn

Faktaboks

Sveinung Rotevatn
Født
15. mai 1987, Bergen
Av /Fotovisjon.

Artikkelstart

Sveinung Rotevatn er ein norsk politikar for Venstre som 2020–2021 var klima- og miljøminister i regjeringa Solberg. Frå 2018 til 2020 var han statssekretær i Klima- og miljødepartementet under statsråd Ola Elvestuen. Han var stortingsrepresentant i 2013–2017 og sidan 2021.

Rotevatn er frå 2020 1. nestleiar i Venstre. Han erklærte seg som leiarkandidat, men valkomiteen og landsmøtet føretrekte Guri Melby som leiar og Rotevatn som nestleiar saman med Abid Raja.

Rotevatn var leiar i Unge Venstre i 2010–2013, og før dette sentralstyremedlem i Unge Venstre 2008–2009 og første nestleiar 2009–2010. Han var medlem av Eid kommunestyre frå 2011 til 2015.

Rotevatn var stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane i perioden 2013–2017, valt inn på utjamningsmandat. Han mista mandatet ved valet i 2017. Frå 2021 er han stortingerepresentant for Hordaland, også der valt inn på utjamningsmandat. Frå januar til oktober 2018 var han statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet.

Rotevatn har mastergrad i rettsvitskap frå Universitetet i Bergen frå 2018.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg