Faktaboks

Administrasjonssenter
Fiskå
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggjartal
3 045 (2022)
Landareal
365 km²
Høgaste fjell
Blæja (1143 moh.)
Innbyggjarnamn
vanylving
Målform
nynorsk

Kommunevåpen

Kart: Vanylven kommune i Møre og Romsdal
Vanylven kommune i Møre og Romsdal fylke.
Kart: Vanylven kommune i Møre og Romsdal
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Vanylven

Utsyn over bygda Åheim med Vanylvsfjorden bak. Dei raude bygningane ved sjøen høyrer til den største bedrifta i kommunen, Sibelco Nordic. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Vanylven er ein kommune lengst sørvest i Møre og Romsdal fylke, rett aust for Stadlandet. Kommunen omfattar landet mellom Rovdefjorden i nord og fylkesgrensa mot Vestland fylke i sør og strekkjer seg austover til vasskiljet mellom Syvdefjorden og Dalsfjorden.

Vanylven blei oppretta som kommune i 1837 i samband med innføringa av det lokale sjølvstyret. Frå kommunen blei Syvde i 1918 utskilt som eigen kommune. I 1964 blei Syvde, som då hadde 1458 innbyggjarar, slått saman med Vanylven igjen, samtidig som den dåverande kommunen Rovde sin fastlandsdel (436 innbyggjarar) blei lagt til Vanylven. Dei noverande grensene sine fekk kommunen i 2002, då Åram krins ytst på halvøya mellom Vanylvsfjorden og Syltefjorden blei overført frå Sande til Vanylven.

Vanylven grensar til Volda i aust og Stad i Vestland fylke i sør og sørvest. I vest går kommunegrensa mot Stad i Vanylvsfjorden. I Haugsfjorden i nordvest grensar Vanylven mot Sande, likeins i nord i Hallefjorden/Rovdefjorden. I Rovdefjorden lengst nordaust grensar Vanylven mot Herøy (sjå Rovde).

Natur

Berggrunnen i heile kommunen består av ulike typar gneis av grunnfjellsalder som seinare stadvis er påverka av den kaledonske fjellkjedefaldinga (sjå den kaledonske orogenesen). I eit område innanfor Åheim sørvest i kommunen er det blottlagt olivinstein (sjå dunitt), ein djupbergart som er trengd gjennom gneisen i området. Førekomstane har gitt grunnlag for ei stor bergverksverksemd.

Det meste av landskapet består av avrunda, skogberre fjell med toppar som når over 900 meter over havet i grensetraktene mot kommunane Volda og Stad i aust og søraust. Høgast når Blæja (1142 meter over havet) på grensa til Volda. To tredelar av kommunearealet ligg meir enn 300 meter over havet. Lågare land ligg langs strendene og i nedre delar av dei stort sett tronge dalføra.

Busetjing

Det er relativt jamn busetjing langs strendene og i dalføra med noko tettare konsentrasjon i og omkring kommunesenteret, tettstaden Fiskå. Dette er kommunen sin einaste tettstad (479 innbyggjarar i 2021) og ligg på nordsida av Syltefjorden, ein kort arm av Vanylvsfjorden. Det er tettare busetjing også på Åheim på austsida av Vanylvsfjordens indre del og i og omkring Syvde inst i Syvdefjorden. Av befolkninga til kommunen bur 16 prosent i tettstader mot 73,8 prosent i fylket samla sett (2021).

Folkemengda var relativt stabil frå andre verdskrigen og fram til rundt 1990, men har sidan stort sett vist nedgang. I tiårsperioden 2010–2020 var nedgangen gjennomsnittleg 1,1 prosent årleg mot ein vekst på 0,9 prosent for Sunnmøre og 0,6 prosent for fylket samla sett (etter dagens grenser). Blant kommunane i fylket hadde Vanylven svakast befolkningsutvikling i denne perioden.

Kart over Vanylven kommune
Kart over Vanylven kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Jordbruk står relativt sterkt i Vanylven sjølv om bruka er forholdsvis små. Primærnæringane utgjer tolv prosent av arbeidsplassane til kommunen (2020). Husdyrhald dominerer, særleg storfe, sau og høns. Jordbruket blir til ein viss grad kombinert med arbeid i fiske eller andre næringar.

Industrien utgjer 12 prosent av arbeidsplassane i Vanylven, 19 prosent om ein tek med byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning / renovasjon (2019). Innan industrien dominerer bergverksdrift – rundt to tredelar er sysselsette denne i næringa (2019). I denne bransjen finst den største bedrifta i kommunen, Sibelco Nordic AS (tidlegare A/S Olivin), som driv produksjon av olivin og har utskipingshamn på Åheim. Andre bransjar av betydning (med andelen av industrisysselsetjinga i 2019 i parentes): næringsmiddelindustri (14 prosent), trelast-/trevareindustri inkludert møbelindustri (9 prosent) og gummi-, plast- eller mineralsk industri (betongvareproduksjon; 4 prosent).

Av arbeidstakarar som er busette i Vanylven, har 26 prosent arbeid utanfor kommunen. To prosent arbeider i Ålesund, fire prosent i Ulstein/Hareid, tre prosent både i Sande/Herøy og Ørsta/Volda og seks prosent i kommunane i Nordfjord (2019).

Vanylven er beskjeden som kraftkommune, med ein årleg middelproduksjon på 98 gigawattimar (GWh) per 2019 fordelt på i alt 10 kraftverk. Dei to største enkeltverka er Sørbrandal (i drift frå 1951) og Vedeld (i drift frå 2003), som til saman står for 58 prosent av den årlege middelproduksjonen i kommunen. Sørbrandal har største fallhøgd med 369 meter.

I Vanylven (på Fiskå) kjem avisa Synste Møre ut.

Samferdsel

Fylkesveg 61 er hovudvegsambandet både nord- og sørover frå Vanylven. Sørover fører han til riksveg 15 på Bryggja i Stad kommune i Vestland fylke, og nordover fører han til Ålesund via Gurskøya (med ferjesambandet Koparneset–Årvika).

Fylkesveg 652 fører frå fylkesveg 61 på Eidså rundt Syvdefjorden og via Rovde rundt halvøya mellom Syvdefjorden og Voldsfjorden til Lauvstad, som har ferjesamband til Volda på E39. Frå Fiskå ved Vanylvsfjorden i vest fører fylkesveg 5852 nordover og rundt halvøya mellom Vanylvsfjorden og Hallefjorden til Koparneset på fylkesveg 61.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Vanylven høyrer til Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Sunnmøre regionsråd saman med Fjord, Giske, Hareid, Herøy, Sande, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vestnes, Volda, Ørsta og Ålesund.

Vanylven kommune svarer til dei fire sokna Rovde, Syvde, Vanylven og Åram i Søre Sunnmøre prosti (Møre bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Vanylven til Søndmør fogderi (futedøme) i Romsdals amt.

Delområde og grunnkrinsar i Vanylven

For statistiske formål er Vanylven kommune (per 2021) delt inn i tre delområde med til saman 20 grunnkrinsar:

  • Vanylven: Nordstranda, Fiskå, Eide, Tunheim, Sylte, Slagnes, Åheim, Thue, Gusdal
  • Syvde: Øyra, Eidså, Løset, Myklebust, Vik, Nordal, Skår – Eikrem, Rovde, Sundnes
  • Åram: Sørbrandal, Hakallestranda

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1987) har ein nedovervend, sølvfarga spiss danna ved bogelinjer mot ein grøn bakgrunn, som viser til Vanylvsfjorden.

Namnet kjem av norrønt Vaniflir, det opphavleg fjordnamnet. Førsteleddet er av uviss tyding. Førsteleddet kan ha samanheng med norrønt vaðr, vannr, ‘mørkt‘, ‘fargelaust', 'bleikt' og kan i så fall sikte til olivinførekomstane som til dels ligg oppe i dagen. Sisteleddet iflir kan komme av eit eldre viflir, som betyr ‘lågt, fuktig lende'.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bygdebok for Vanylven, 1957–1981, 3. bind av 4

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg