Şeyhülislam, ein osmansk institusjon som tyder islams leiar og fanst frå byrjinga av 1400-talet til 1922. Şeyhülislam var i prinsippet den øvste leiaren i Det osmanske riket, med makt til å avsetje ein udugeleg sultan, men i røynda var styrketilhøvet motsett. Şeyhülislam måtte ha studert ved madrasaen i Istanbul og tilhøyre hanafiskolen innanfor sunniislam. Han var den øvste leiaren av dei lærde, som i Det osmanske riket var ei eiga klasse, og under 1700-talet utvikla seg til å bli sjølvrekrutterande.

Faktaboks

Uttale

sjeihulislam

Etymologi
Frå arabisk shaykhu l-islam ‘leiaren av islam’.
Også kjend som

shayk al-islam, shaykhulislam

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg