Faktaboks

Etymologi

norrønt Staðr 'stanse' eller 'det som står'. Den kjende forma Stadt er frå tysk.

Også kjend som

Staden, Stad(s)landet, Stadt

Uttale

staden, stalande, stasslande, statt

Administrasjonssenter
Nordfjordeid
Fylke
Vestland
Innbyggjartal
9 527 (2022)
Landareal
695 km²
Høgaste fjell
Glitregga (1297 moh.)
Målform
nynorsk
Stad sitt kommunevåpen inneheld St. Sunniva og ein fjording (hest)
Kart: Stad kommune i Vestland
Stad kommune i Vestland fylke.
Kart: Stad kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Tverrgata, Nordfjordeid

Nordfjordeid

Stad er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen blei oppretta i 2020 som del av den landsomfattande kommunereforma. Den nye kommunen blei til ved samanslåing av tidlegare Eid og Selje kommuner og tok over ein del av Vågsøy, som ikkje blei med i nye Kinn kommune.

Stad kommune omfattar områda rundt vestre del av Hornindalsvatnet, Eidsdalen, Hundvikfjorden og Utfjorden, Eidsfjorden og vidare vestover til Stadlandet.

Natur

Hornindalsvatnet

Hornindalsvatnet er 50,5 kvadratkilometer, 514 meter djupt og ligg 53 meter over havet.

Stadlandet i vest er ei halvøy på 500 meter over havet som stuper bratt ned i sjøen. Austover langs Nordfjord og Eidsfjorden blir fjella høgare, og sør for Hornindalsvatnet ragar Glitregga 1297 meter over havet. Berggrunnen består av gneis og gneisgranitt som tilhøyrer Gneisregionen. Hornindalsvatnet lengst aust i kommunen er Vestlandets største, og med ei djupn på 514 meter er den Noregs og Europas djupaste innsjø.

Havet utanfor Stadlandet er ei av dei mest vêrharde strekningane langs kysten. Heilt sidan 1870-åra har det kome framlegg om ein skipstunnel gjennom halvøya for å gjere leia tryggare og raskare.

Busetjing

Hoddevik
Hoddevik / Hoddevika

Over halvparten av befolkninga i Stad kommune bur i tettstadene Nordfjordeid og Mogrenda. Det er elles relativt tett busetjing i Eidsdalen og langs nordsida av Eidsfjorden.

Kart over Stad kommune
Kart over Stad kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Jordbruk har lenge vore ei viktig næring, særleg i indre delar av kommunen. Hovudvekta ligg på husdyrhald, og somme driv òg med frukt og bær. Knapt halvparten av skogarealet er barskog, og delen er stigande. Industrien er variert med ein vesentleg konsentrasjon til Nordfjordeid. Ved kysten er fiske, fiskeoppdrett og turisme viktige næringar. Reiseliv er i aukande grad viktig for kommunen, med vekt på opplevingsturisme knytt til natur og kulturhistorie.

Det er lite vasskraftproduksjon i Stad, med fire kraftverk, og største fallhøgd er 294 meter.

Samferdsel

Riksveg 15 går frå Måløy gjennom Stad og Stryn over Strynefjellet til Otta i Gudbrandsdalen. Frå Stryn går fylkesveg 60 vidare langs Innvikfjorden og over Utvikfjellet til E39 i Byrkjelo i Sunnfjord.

Stad har to vegsamband til Ålesund: E39 frå Grodås gjennom Kvivstunnelen/Kvivsvegen langs Austefjorden til Volda/Ørsta og ferje Festøya–Solavågen, eller fylkesveg 60 via Hellesylt/Stranda/Sykkylven med ferje Aursnes–Magerholm.

E39 held fram sørover frå Nordfjordeid og fører ved ferjesamband over Nordfjorden sørover til Sunnfjord og Sogn. Det er ferjesamband over Nordfjorden ved Stårheim til Isane i Bremanger og riksveg 614/riksveg 5 sørvestover til Florø.

Fylkesvegar når ut til dei ytste delane av Stadlandet. Det er ekspressbåtsamband til Bergen. Stad skipstunnel skal byggjast gjennom Stadlandet mellom Moldefjorden og Kjødepollen, med planlagd byggjestart i 2022 og forventa opning i 2026.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Nordfjordeid er ein tettstad og administrasjonssenter i Stad kommune. Nordfjordeid er kommunikasjonsknutepunkt og handelssentrum for store delar av Nordfjordområdet. Her er òg sjukehus, folkehøgskule, vidaregåande skule og Operahuset Nordfjord.

Stad høyrer til Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Nordfjordrådet saman med Bremanger, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og nordre del av Kinn (tidlegare Vågsøy).

Stad kommune tilsvarer dei seks sokna Eid, Kjølsdalen, Stårheim, Ervik, Leikanger og Selje i Nordfjord prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Stad til Sønd- og Nordfjord fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Stad

For statistiske formål var Stad kommune (per 2016) delt inn i fem delområde med til saman 41 grunnkrinsar. Etter kommunereforma i 2020 vart grunnkrinsane Totland, Bryggja og Maurstad i Vågsøy kommune lagt til Stad, medan resten av Vågsøy vart lagt til Kinn kommune.

  • Austre Eid: Heggjabygda/Navelsaker, Holmøyane, Leivdal, Nes, Hjelle
  • Nordfjordeid: Skårhaug, Myroldhaug/Langeland/Stokkenæs, Lunden/Gjerde/Osnes, Nordfjordeid, Myklebust, Myklebuståsen, Os, Hundeidet, Torheim/Sørland, Lote
  • Vestre Eid: Haugen, Hjelmelandsdalen, Naustdal, Remmedalen, Myrold, Høynes, Reksnes, Kjøllsdal, Haus/Lefdal, Totland, Bryggja, Maurstad
  • Selje: Kjøde, Stokkevåg, Årdal/Selje, Selje/Selja, Djupedal/Berge, Eide/Moldestad, Barmen, Pollane, Flatraket
  • Stadlandet: Rekvika/Sande, Indre Leikanger, Ytre Leikanger, Eltvik/Borgundvåg, Honningsvåg/Årvik, Ervik, Refsnes, Fure/Drage/Hoddevik

Historikk og kultur

Selje

Selje. Klosterruinane på øya Selja, Vestlandets første bispesete. Klosteret vart bygd kort etter 1100 av engelske benediktinarmunkar. Kyrkja vart vigd til St. Alban, og tårnet står enno i full høgd (14 meter).

Av /KF-arkiv ※.

Det er gjort fleire funne frå stein-, bronse- og jernalder. På øya Selja i Sildegapet finst ruinar av Selje kloster, eit benediktinarkloster som vart bygd tidleg på 1100-talet. Ruinar etter klosteret er vigd Sankt Albanus og Sankt Sunniva. Selje var det første bispesetet i landet. Det vart oppretta på Olav Kyrres tid og flytta til Bergen i 1170. Eid kyrkje er ei langkyrkje i tre, oppført i 1849 og påbygd i 1915.

Ytst på Stadlandet finst restar etter tyske forskansingar frå andre verdskrigen. På Dragseidet står ein stort steinkross som i 1913 vart reist til minne om Olav Tryggvason, som ifølgje soga kristna fire fylke i 997.

I Hjelmelandsdalen, ti kilometer nordvest for Nordfjordeid, ligg Harpefossen Skisenter.

Nordfjordeid er eit sentrum for fjordhesten, og kvar vår er det fjordhestutstilling her. Opera Nordfjord vart skipa i 1998, med årlege produksjonar i eit samarbeid mellom profesjonelle og amatørar, og i 2009 opna Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid. Malakoff, ein av dei største musikkfestivalane på Vestlandet, har vore arrangert på Nordfjordeid sidan 2003. I 2019 opna Sagastad, eit kunnskapssenter om vikingtida bygd rundt det rekonstruerte Myklebustskipet.

Fjordabladet er den største avisa i kommunen og har hovudkontor på Nordfjordeid. Avisa kom først ut i 1874, då under namnet Fjordenes Blad. Sidan 1920 har ho vore redigert på nynorsk. Fjordenes Tidende, med hovudkontor i Måløy, er den andre lokalavisa som dekkjer kommunen. Ho har kome ut sidan 1909 og har tradisjonelt vore redigert på bokmål, men brukar i dag òg nynorsk. Begge avisene kjem ut tre gonger i veka.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg