Faktaboks

Synste Møre
Offisielt namn
SYNSTE MØRE AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Fiskå
Dagleg leiar
Lars Myklebust
Styreleiar
Bjørnar Asle Osnes
Logo
Logo
Av .
Per G. Osnes og Liv Osnes

Per G. Osnes og kona Liv Osnes (bilete) grunnla Synste Møre i 1970. Dei første åra blei avisa først stensilert, og sidan trykt i eit eige offset-trykkeri i kjellaren. Avisa blei driven nærast som ei familiebedrift. Per G. Osnes leidde avisa heilt til han døydde i 1990. Då overtok kona Liv B. Osnes, og gjorde så godt arbeid at ho i år 2000 mottok Vanylven kommunes kulturpris. I ein periode midt på 1990-talet var sonen Bjørnar Osnes redaktør.

Per G. Osnes og Liv Osnes
Synste møre.

Synste Møre er ei vekeavis i Fiskåbygd, lokalavis for Vanylven og dei næraste bygdene. Avisa blir utgjeven av Synste Møre AS. Avisa blei grunnlagd i 1970 av Per G. Osnes, og heitte 1987–2000 VestAvisa.

Hausten 2018 var det i gjennomsnitt 2040 som kjøpte papirutgåver og 52 som betalte for digitale abonnement og utgåver (Kjelde: Mediebedriftenes Landsforening).

Historie

Vanylven får si eiga avis

Lengst sørvest på Sunnmøre hadde ein aldri hatt noko varig avisføretak. Ei samanslåing av tre små kommunar til Vanylven kommune gjorde tanken om ei lokalavis meir aktuell på slutten av 1960-talet. Kommunesenteret blei lagt til den vesle bygda Fiskå. Per G. Osnes stelte seg til med redaksjon og offsetpresse i ein kjellar på farsgarden og gav ut ei stensilert blekke dei kalla «Bygde bladet for Synste Møre». Avisa kom ut éin gong i veka med fyrste nummer i 1970. Namnet blei snart korta til « Synste Møre», etter ein namnekonkurranse der det kom inn over 200 forslag.

Fyrste nummeret var skrive for hand og på skrivemaskin, og sendt ut til alle innbyggjarane i kommunen. Heile familien Osnes deltok i arbeidet med avisa, mellom anna med å skrive adressene på dei ferdigtrykte blada for hand. Frå kring 1980 blei avisa trykt i Ulsteinvik, i trykkeriet til lokalavisa Vikebladet. Avisa inneheldt heilt frå starten mykje lokalstoff og annonsar frå lokale kjøpmenn. Dette var populært, og den nye avisa fekk raskt mange abonnentar. Etter tre år kom avisa opp i eit opplag på halvtanna tusen, av desse ein god del utflyttarar.

Namneskifte til VestAvisa

I 1987 bytte avisa namn til VestAvisa. Grunnen var at avisa hadde fått eit visst fotfeste på nordfjordsida av fylkesgrensa, i Selje, og då passa ikkje eit namn med «Møre» så godt. Men namneskiftet førte ikkje til den ekspansjonen dei hadde tenkt seg; avisa heldt fram med å vere ei avis fyrst og fremst for vanylvingane. Men den gode oppslutninga hindra ikkje at avisa råka ut i store økonomiske vanskar, som i 1990 førte rett i konkursen. Men etter nokre rundar med gjeldssletting og refinansiering kom avisa ut igjen. Same året døydde grunnleggjaren Per G. Osnes, men kona Liv B. Osnes heldt fram arbeidet med avisa, og kunne ti år seinare ta imot kulturprisen frå Vanylven kommune for seg og lokalavisa.

Synste Møre på ny

I 2000 tok avisa tilbake det gamle namnet Synste Møre, med undertittelen «Ubunden lokalavis for Vanylven og dei næraste bygdene». Redaktør Vidar Parr grunngav namneskiftet slik: «Det er eit namn med klang og særdrag. Det står ikkje til å nekte at Vest-Avisa vert nokså fargelaust og blodfattig i samanlikning.» Sidan har avisa halde fram med å kome ut ein gong i veka under dette namnet.

Fakta

  • Synste Møre: fyrste nummer 23. 1. 1970, fyrste redaktør Per G. Osnes.
  • Skifta namn til Vest-Avisa 30. 7. 1987
  • Skifta namn til Synste Møre frå 12. 10. 2000

Opplag

Opplagstall for Synste Møre, 2000-2022

2000 2097
2001 2105
2002 2103
2003 2189
2004 2197
2005 2244
2006 2274
2007 2358
2008 2385
2009 2371
2010 2382
2011 2358
2012 2302
2013 2203
2014 2211
2015 2255
2016 2214
2017 2185
2018 2092
2019 2023
2020 1989
2021 2009
2022 1998
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Papiropplag Digitalt opplag
2000 2097
2008 2385
2015 2209 46
2018 2040 52

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Synste Møre
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg