Artikkelstart
Rakett er ei maskin som vert driven av ein eller fleire rakettmotorar. Ein rakettmotor er ein reaksjonsmotor som lagar skyvkraft og framdrift ved å akselerere avgassar frå brenselet. Rakettar har med seg drivstoff i form av både brensel og oksidasjonsmiddel. Då er ikkje rakettmotoren avhengig av tilgang på oksygen frå lufta.
Faktaboks
- Uttale
- rakˈett
- Etymologi
-
truleg av italiensk/tysk. Rakett kan komme frå italienske rocchetta ‘stråle’ (egentlig lite rokkehode fra spinnrokk), eller frå roget, ein type fyrverkeri.
Ein rakett kan brukast til mange ulike føremål. Eit vanleg døme er bererakettar brukt til oppskyting av instrument, satellittar og romfartøy. Ein slik rakett er sett saman av fleire trinn. Rakettar kan også drive militære missil for å levere sprengladningar over lange avstandar. Eit anna døme er fyrverkerirakettar som brukast til underhaldning.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.