Artikkelstart
Romfartøy er ei ubemanna eller bemanna maskin som er laga for å gjennomføre vitskaplege, praktiske eller militære oppdrag i verdsrommet. Dette kan vere oppdrag i bane rundt Jorda, undervegs i bane i rommet mellom planetane, i nærleiken av eller på overflata av andre objekt i rommet. Romfartøy som driv utforsking i rommet utanfor jorda vert ofte kalla romsonder.
Det første fartøyet ut i verdsrommet var ein tysk V-2-rakett i juni 1944. Denne, og mange seinare rakettar, gjekk ut i verdsrommet, men på grunn av at slike rakettar ikkje har høg nok fart, vil dei komme ned igjen til jorda (engelsk: sub-orbital). Det første norske romfartøyet var forskingsraketten Ferdinan-1 frå rakettskytetfeltet på Andøya 18. august i 1962.
Det første bemanna romfartøyet i bane rundt jorda var Vostok 1, 12. april 1961. Ombord var den russiske kosmonauten Jurij Gagarin. Vostok 1 fullførte eit omløp på 108 minutt rundt jorda. 12. april vert av mange romentusiastar feira med ulike sosiale arrangement verda rundt, under namnet "Yuri's night", for å minnast denne romferda.
Alle romfartøy som skal i bane rundt Jorda, eller vekk frå Jorda, er avhengige av å bli frakta opp med ein rakett. Ein slik rakett består av fleire trinn. I dag finst det ikkje lette nok materiale eller effektivt nok drivstoff til at eit fartøy kan komme seg opp i bane av seg sjølv.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.