Bæreraketten Ariane 4. 15. februar 2003 vart den siste Ariane 4-raketten sendt opp. Hovudraketten får hjelp av fire hjelperakettar i starten.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Bærerakett er ein eitt- eller fleirtrinns rakett som vert brukt til å lyfte ei nyttelast til stor høgd, bringe nyttelasta ut i ei satellittbane rundt Jorda eller stå for første etappen mot ei ferd til Månen, ein anna planet eller interplanetarisk rom. Bereraketten lyfter nyttelasta ut av jordatmosfæra og gir den så stor fart at den kan gå i bane rundt jorda (sirklingshastigheit). Eit romfartøy som skal lenger ut i rommet, vil sidan nytte eigne rakettmotorar til vidare framdrift.

Dei fleste bererakettar veldig store maskiner som har kapasitet til å løfte frå hundre-tals kilo til fleire ti-tals tonn nyttelast opp i bane rundt Jorda. Rakettane er normalt sett bygde opp av fleire trinn med fleire motorar i kvart trinn, og ein nyttar gjerne også hjelperakettar under første delen av turen.

Døme på bererakett-seriar er Ariane, Vega, Atlas, Delta, Falcon, Sojus og Space Launch System.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg