Artikkelstart
Væskemotor er ein rakettmotor som brukar drivstoff i flytande form. Sidan rakettar ofte opererar utanfor atmosfæra til jorda og dermed ikkje har tilgang til oksygen frå lufta, må motorane også ha med seg eit oksidasjonsmiddel. Fordelen med rakettmotorar som nyttar flytande drivstoff er at dei kan justere drivstoffmengde og dermed endre skyvkrafta undervegs, og motoren kan ofte også stoppast og startast fleire gonger. Ein rakettmotor basert på flytande drivstoff har vanlegvis ei større yting (spesifikk impuls) enn ein faststoffmotor.
Det finst mange ulike typar og kombinasjonar av flytande drivstoff. Den vanlegaste typen drifvstoff er når ein brennbar gass eller væske er kombinert med flytande oksygen som oksidasjonsmiddel.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.