Vega modular
Biletet viser dei ulike modulane av Vega-raketten, fire rakett-trinn og nyttelastkapsel.
Av .

Vega er den minste rakettfamilien til ESA. Utviklinga starta i 1998, og første oppskyting var i 2012. Bæreraketten har kapasitet til å ta med seg rundt 1500 kilogram til låg, polar jordbane (LEO). Denne nyttelasta kan fordelast på ein eller fleire satellittar, til dømes ein satellitt på 1000 kilogram og så kan resten av kapasiteten delast på ein eller fleire mindre satellittar.

Oppbygging

Vega er bygd opp av ein enkel rakett-kropp, fordelt på fire trinn. Dei tre første trinna er faststoffmotorar, og så brukar siste trinnet flytande drivstoff for å enklare kunne gjere endeleg banejustering før satellittane skal frigjerast i bane.

Rakettkroppen er tre meter i diameter, med ei høgde på 30 meter. Total startvekt er 137 tonn.

Bruk

Samanlikna med Ariane 5 og Sojuz (russisk rakettfamilie) er Vega den minste av dei tre rakettypane ESA skyt opp frå Kourou i Fransk Guyana. Mellom anna har Vega vorte mest brukt til oppskyting jordsobservasjonssatellittar, til dømes Sentinel 2A i 2017.

I 2019 og 2020 har Vega hatt to feila oppskytingar. Femten oppskytingar (per januar 2021) har vore vellukka.

Utvikling

To nye versjonar av raketten er planlagt; Vega-C (consolidated) og Vega-E (evolution). Vega-C er planlagt med ei startvekt på 210 tonn med ei høgde på 35 meter. Kapasiteten er planlagt å vere 2200 kilogram til LEO. Raketten skal vere meir fleksibel, og kunne nå fleire typer baner enn første versjon av Vega. Dei to første rakettstega vil bli kraftigare, og det siste trinnet vil bli meir fleksibelt. Utviklinga av neste modell, Vega-E, er planlagt frå perioden etter 2020.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg