Leilending
Bygsling vart brukt både om å leiga jord og om å leiga ut jord. Personen som leigde (bygsla) jorda, vart kalla leilending. Personen som leigde ut jorda (eigaren), vart kalla jorddrott. Biletet viser ein leilending som inngår avtale med ein jordeigar om å leiga jord av han. Illustrasjon frå Magnus Lagabøters landslov.
Leilending
Av .

Bygsling var både å leiga jord og å leiga ut jord. Frå mellomalderen og fram til om lag 1800 leigde fleirtalet av norske bønder jorda dei brukte av ein jordeigar (jorddrott). Bygsling vart mindre vanleg etter kvart som leiglendingane vart sjølveigarar framover mot slutten av 1800-talet. I 1965 vart dei eldre lovreglane om bygsling erstatta av ei ny lov om forpakting.

Faktaboks

Etymologi
av norrønt bygsla; avledet av byggja, «leie bort, låne ut (mot renter)»
Også kjend som

jordleie, tomtefeste

Landskyld og andre avgifter til jordeigar

Leiglendingane betalte landskyld av jorda dei bygsla. Når fleire jordeigarar eigde landskyld i ein og same jordeigedom, kunne det vera uklårt kven som var ansvarleg for å leiga ut jorda. Fram til byrjinga av 1500-talet ser det ut til at eigarane måtte vera samde om kven dei skulle bygsla jorda til. Etter dette fekk den som eigde mest landskyld rett til å bygsla jorda til leiglendingen.

I høgmellomalderen vart det sett forbod mot å krevja ekstra ytingar når det vart inngått ein ny leigekontrakt eller når kontrakten skulle fornyast. Minkande ønske om å leiga jord førte til at slike ytingar var lite aktuelle under krisa i seinmellomalderen. Samstundes fall landskylda til ein fjerdedel av det den var i høgmellomalderen. Då folketalet tok seg opp att og fleire ville leiga jord utover 1500-talet, gjorde lovgjevinga det i praksis uråd for jorddrottane å auka landskylda på nytt. Derimot fekk dei no krevja avgifter når ein leiglending inngjekk kontrakt eller når denne kontrakten skulle fornyast.

Førstebygsel

Dei viktigaste av desse bygselavgiftene var førstebygselen, men også tredjeårstaka gav jorddrotten inntekter ved sida av landskylda. Førstebygselen var den avgifta ein leiglending betalte når han bygsla jorda, det vil seie ei eingongsavgift. Tredjeårstaka viser truleg tilbake til regelen om treårige leigeavtalar i mellomalderen. Desse bygselavgiftene vart etter kvart ei viktig inntektskjelde for dei jorddrottane som hadde bygselrett. Medan landskylda, og etter kvart også tredjeårstaka låg fast, auka førstebygselen monaleg utover 1600-talet. I 1684 vart det sett eit tak også på denne. Maksimaltaksten på ti riksdalar for kvart skippund eller laup smør i landskyld vart likevel omgått. Førstebygselen held difor fram med å auka utover 1700-talet, også på offentlege gods.

Bygselrett

Når bygselinntektene auka, vart det viktig for jorddrottane å få hand om bygselretten til jordegodset. Ei forordning av 1514 gav den som eigde mest landskyld eller var «beste mann», det vil seia den som hadde høgaste rang, retten til å bygsla bort jorda og krevja inn bygselpengane. Han skulle likevel dela inntektene som bygslinga førte med seg med dei andre eigarane. Mot slutten av 1500-talet ser det derimot ut til at den som eigde mest landskyld eller var «beste mann» også fekk einerett på bygselpengane. Christian 4.s norske lov frå 1604 har såleis ingen reglar om at førstebygselen skulle delast mellom landskyldeigarane. Derimot skulle den som hadde bygselretten syta for at dei andre landskyldeigarane fekk den landskylda dei hadde krav på.

Christian 5.s norske lov av 1687 førte ikkje vidare reglane om at «beste mann» fekk bygselretten når to eigde like mykje landskyld. Derimot gav lova framleis den som eigde mest landskyld retten til å råda for kven som skulle få bygsla jorda. Denne lova tok også høgde for at fleire enn éin eigar kunne ha bygselrett i ein og same eigedomen. I så fall skulle den som bygsla bort jorda gje dei andre bygseleigarane sin del av bygselpengane. Andre landskyldeigarar hadde derimot berre krav på landskyld.

Bygselretten gav også den bygselrådige eigaren disposisjonsrett over skog og andre rettar som låg til jorda, slik som til dømes sagbruk eller fiskevågar. Den bygselrådige jorddrotten hadde også buslitsrett, det vil seia rett til å ta over jorda dersom han sjølv ikkje hadde eiga jord å bu på. Desse fordelane, saman med inntektene frå bygselpengane, gjorde at det vart viktigare for jordeigarane å få hand om bygselretten enn å eiga landskyld utan bygselrett, såkalla laus landskyld. Dette førte til at landskyldpartar i den einskilde garden oftare vart samla hjå éin eigar eller at mindre landskyldpartar vart selde med bygselrett.

Utover 1800-talet hadde dei aller fleste leiglendingar vorte sjølveigarar. Likevel stod lovreglane om bygsel i Christian 5.s lov av 1687 ved lag heilt til dei vart erstatta av lov om forpaktning av 25. juni 1965.

Bygselhusmenn

Bygsel har også vorte brukt om den årlege leiga av husmannsplassar. Her skil ein tradisjonelt mellom to svært grove idealtypar, bygselhusmennVestlandet og arbeidshusmennAustlandet. Dei førstnemnde betalte ei årleg leige eller bygsel for husmannsplassen. Dei sistnemnde plikta å arbeida hjå gardbrukaren dei leigde plassen frå. Bygselføresegnene i dei norske lovene omfatta berre leiglendingsjord, ikkje husmannsplassar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Dørum, Knut (1996): Oppløsningen av skyldeiesystemet: En studie av eiendomsformer og eierinteresser knyttet til jord i Norge ca. 1600−1800. Oslo: Tingbokprosjektet
  • Myking, John Ragnar (2005): Herre over andre si jord? Norske leiglendingsvilkår i europeisk lys 1500–1800. Kristiansand: Høyskoleforlaget
  • Sunde, Jørn Øyrehagen: «På sporet av det tapte overbygslingsinstituttet – Eit rettshistorisk og juridisk bidrag», Historisk tidsskrift, 2004 (02), sidene 181–205. Finn artikkelen.
  • Østrem, Nils Olav (2022): En kort introduksjon til husmannsvesenet. Oslo: Cappelen Damm Akademisk

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg