Vesteraalens Avis

.
Lisens: Begrenset gjenbruk
Vesteraalens Avis/Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Artikkelstart

Vesteraalens Avis er ei lokalavis som kjem ut i Stokmarknes og dekkjer Hadsel kommune. Avisa blei grunnlagt i 1892 og er den eldste avisa i Nordland.

Vesteraalens Avis fekk ein av dei første kvinnelege redaktørane i Noreg i 1905, då Nanna With tok over som redaktør. I mellomkrigstida var profilen mindre progressiv. Avisa er eigd av Polaris Media.

Historie

Vesteraalens Avis blei skipa i 1892 av eit interessentskap, der mellom anna August Fosse, R. Rynning og Daniel Kildal var med. Avisa var då den einaste lokalavisa i Vesterålen fram til 1918. Først blei bladet trykt i Kabelvåg, men frå mai 1893 blei trykkinga flytta til Stokmarknes. Kildal og Fosse var dei første, men ikkje namngitte, redaktørane for avisa.

Frå 1905 til 1907 blei avisa redigert av Nanna With, dotter av hurtigrutepioneren Richard With. Ho var ein av dei første kvinnelege avisredaktørane i norsk pressehistorie. With blei seinare ein markant figur både i det nordnorske miljøet i Oslo, gjennom Nordlendingenes forening, og som aktiv i Norsk Yrkeskvinneforening, Norske Kvinners Sanitetsforening, Frisinnede Venstre (til 1927) og Oslo Kvinneparti. Ho redigerte også Sportsmanden i nokre år.

Ein seinare markant redaktør var Ludolf Hilberg Stavem (f. Sortland), karakterisert som ein «liberalt tenkende mand», «ofte til det yderste skarp i sin polemikk og paatale av folk og forhold». Bakgrunnen hans synte igjen i avisa sin profil. Han var aktiv styremedlem i fleire lokale verksemder og oppteken av å styrkje næringslivet i distriktet, særleg fiskerinæringa. Likeins var avisa eit talerøyr for nordnorske næringsinteresser si sak sørpå. Arbeid for å knyte landsdelen til resten av landet og arbeid for turisme og reiseliv blei stadig fremja, og denne linja blei ført vidare også etter andre verdskrigen.

Avisa skulle ikkje «hævde noget bestemt politisk standpunkt» frå starten av, men var klart borgarleg, med tilknytning til Frisinnede Venstre før andre verdskrigen. I mellomkrigstida hadde ho dessutan ein klart antikommunistisk og antisovjetisk profil, og støtta til fascismen og nazismen i Italia og Tyskland var grunngitt i slike forhold. Med det ideologiske tankegodset til avisa følgde også ein del antisemittisme på den tida.

Vesteraalens Avis var tett knytt til Stokmarknes Aktietrykkeri, som selde avisrettane til Lofotposten i 1948. I 1951 blei rettane kjøpte attende, og fram til 1999 eigde trykkjeriet mellom 30 og 50 prosent av avisa. «Verdensavisa», som ho heitte på folkemunne, kom ut i tabloidformat tidleg i 1950-åra. Sviktande og ujamne annonseinntekter, både i 1950- og 1960-åra, førte til at utgivingane mellom 1963 og 1971 blei reduserte frå tre til to nummer i veka. I 1987 blei trykkinga overført til Lofotposten, men det hjelpte lite i konkurransen med naboavisa på Sortland, Bladet Vesterålen, som i 1993 passerte 10 000 i opplag og arbeidde seg inn på Vesteraalens Avis sitt område frå sitt nyoppretta Stokmarknes-kontor. Redaktør frå 1975 var Margot Notø Vik.

Avisa gjekk inn i 2000-talet med eit netto opplag på 2885, men sidan har opplagstalet gått ned i takt med nettavisene sitt inntog. Med kommunikasjonsutvikling og endringar i den regionale mediemakta blei avisa frå 2008 trykt ved trykkjeriet til Harstad Tidende Gruppen i Harstad. Via Harstad Tidende er Vesteraalens Avis no eigd av Polaris Media.

Nettutgåve kom i 2005, som ein samproduksjon med naboavisene Andøyposten og SortlandsAvisa under namnet Vesterålen Online (vol.no). SortlandsAvisa blei lagt ned i 2017.

Opplag

År Opplag
1932 1500
1954 2792
1969 4294
1983 2762
1998 2896
2008 2388
2020 1488

Til og med 2008 gjeld opplagstala for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Fakta

  • Fyrste nr. 5.5.1892.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg