Faktaboks

Offisielt namn
BLADET VESTERÅLEN AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Sortland
Dagleg leiar
Karl Einar Nordahl
Styreleiar
Karl Nordahl
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Konrad Nordahl
I 1919 starta Konrad Nordahl (biletet) og Magnus Andersen trykkeri i Kabelvåg. Dei flytta til Sortland og etablerte eit nytt trykkeri i 1921, og byrja å trykke avisa Vesterålen same hausten. I 1925 flytta Andersen til Andenes og starta Andøya Avis, medan Nordahl satt igjen som eigar av trykkeriet som to år tidlegare hadde overteke avisa Vesterålen. I tida fram til han døydde i 1961 var Konrad Nordahl eigar og redaktør i fleire omgongar.
Konrad Nordahl
Bladet Vesterålen.

Bladet Vesterålen er ei norsk regionavis som kjem ut i Sortland. Avisa kjem i papirformat tre dagar i veka, og som dagleg oppdatert nettavis. Bladet Vesterålen dekkjer områda Vesterålen, Lødingen og Kvæfjord. Avisa er privat eigd, som ein del av konsernet NorVest AS, men har nært samarbeid med Amedia.

Digitalt

Bladet Vesterålen produserer stoffet på dei ulike digitale flatene. Gjennom tilknytninga til Amedia har abonnentane tilgang til ei lang rekkje podkastar som blir produsert i andre aviser. Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar på nett og papir var 17 688 i fjerde kvartal 2023, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.

Historie

Bladet Vesterålen si historie er ein del av tettstaden og etter kvart småbyen Sortland si historie. Bladet vart grunnlagt i 1921 som eit sosialdemokratisk organ. Etter ein kort periode som Venstre-organ har avisa i mange år rekna seg som politisk uavhengig. Lokalt blir avisa kalla «Flisa». Då ho kom ut første gongen, var ho berre ei lita flis på fire sider. «Flisa» stod i stil med Sortland, den gongen ein liten kyrkjestad med vel 500 sjeler og den femte største tettstaden i Vesterålen. Nesten nitti år seinare er avisa ikkje berre størst i Vesterålen, men i heile nordre Nordland.

Samtidig er Sortland blitt den største tettstaden i Vesterålen. Kommunen fekk bystatus i 1997 og har ei vareomsetning per innbyggjar som ligg på topp i Nord-Noreg. Annonsane frå den lokale handelsstanden gir viktige inntekter til avisa, og frå å vere ei lita flis som kom ut to gonger i veka, er ho blitt ei moderne regionavis.

Utviklinga har gått stegvis. Vesterålen blei etablert som eit organ for Nordland Socialdemokratiske parti. Bortsett frå eit kort mellomspel som Venstre-sympatisør, har avisa seinare vore politisk uavhengig. Familien Nordahl, som gjennom fleire generasjonar har eigd og redigert avisa, har ønskt det slik. Gjennom eigarselskapet NorVest AS har dei òg drive trykkjeri og eit reklamebyrå som har gitt mediebedrifta meir enn eitt bein å stå på.

Avishistoria viser at målet heile tida har vore å lage ei lokal avis. Lokale arrangement frå alle delar av regionen blir dekte. Den redaksjonelle linja har alltid vore at stoffet i avisa skal vere mest mogleg positivt og byggjande, konfliktar får mindre plass. Kritikk rammar helst sentraliseringspolitikk eller nabodistrikt som yppar seg mot regionen som avisa har teke namn etter.

Bladet Vesterålen hadde like sidan 1996 kome ut som tradisjonell papiravis fem dagar i veka. Hausten 2023 vart utgjevingsfrekvensen endra til tre dagar i veka. Sjølv om talet på abonnentar og lesarar har auka jamt og trutt, var det auka kostnader knytt til produksjon og distribusjon som førte til færre papirutgåver. Fleire og fleire av abonnentane hadde dessutan gått over til digitalt abonnement.

Sjølv om Bladet Vesterålen er hundre prosent privat eigd, har det praktiske og teknologiske samarbeidet med Amedia utvikla seg på mange plan. I 2021 vart bladet ei såkalla «partneravis» i Amedia.

Opplag

Opplagstal for Bladet Vesterålen, 1986-2023

1986 8414
1988 8704
1990 9177
1991 9923
1992 10035
1993 10334
1994 10582
1995 10833
1996 10925
1997 10965
1998 10827
1999 10855
2000 10697
2001 10656
2002 10588
2003 10761
2004 10438
2005 10138
2006 9963
2007 9692
2008 9468
2009 8898
2010 8478
2011 8202
2012 7821
2013 7464
2014 6944
2015 6556
2016 6086
2017 5806
2018 6464
2019 6367
2020 7028
2021 7451
2022 7577
2023 7600
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1932 1000
1957 1627
1970 5170
1983 8027
1997 10965
2008 9468
2015 6944
2020 7028
2021 7451
2022 7577
2023 7600

Til og med 2015 gjeld opplagstala berre for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Fakta

  • Vesterålen: fyrste nr. 6.9.1921.
  • Skifta namn til Bladet Vesterålen, 1.1.1991.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg