Nettaviser er aviser som utgjes på internett, til forskjell frå papiraviser. Nettaviser blei introduserte i Noreg på midten av 1990-talet. Overgangen frå papir til nett har ført til djuptgripande endringar i journalistikken, avisbransjen og lesarvanar.

Lokalavisa Brønnøysund Avis var den første norske avisa på nett 6. mars 1995, to dagar før riksavisa Dagbladet.

Tradisjonelle avisselskap byrja i 1995 å utgje eigne nettutgåver, som den første tida i hovudsak baud på dei same artiklane som sto i papirutgåva. Selskapet Nettavisen var den første heildigitale dagsavisa i Noreg som berre publiserte på nettet.

Også radio- og tv-selskap som NRK og TV 2 var samstundes ute med nettaviser som frå første stund vart oppdaterte med ferske nyhende. Store organisasjonar med eigne medlemsblad tilbaud og nettavis der dei raskare enn før kunne nå ut til medlemer og andre med aktuelle saker.

Utover på 2000-talet hadde nesten alle aviser eigne nettutgåver. Jamvel dei små lokalavisene som kjem ut på papir berre ein eller to gonger i veka har nettavis som er meir oppdatert på til dømes lokale nyheiter enn det papirutgåva gir høve til.

Dei første åra var nettavisene eit gratis tilbod. Etter kvart byrja fleire og fleire nettaviser å krevja betaling for å få tilgang til stoffet. Mange lesarar såg seg med åra meir tente med å lesa avisa berre som e-avis og kunne teikna abonnement i samsvar med nye lesevanar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg